Det har ikkje vore mange sjansane til å sjå Hareid-herrane i kamp så langt i år, men fredag spelar laget sin første heimekamp i serien.

I serieopninga vart det tomålstap borte mot Ørsta, men Hareid var lenge godt med i kampen og gjekk til pause i føringa. Tre Ørsta-mål i den andre omgangen sørga likevel for at det ikkje blei poeng til Hareid i første serierunde.

Fredag har laget ein ny sjanse, men truleg blir det viktig at laget klarar å tette igjen bakover på same måten som i førsteomgangen mot Ørsta. Gjestande SIF/Hessa opna nemleg sesongen med å score fem gongar mot Godøy, i ein kamp som til slutt enda 5-3. Då scora Sondre Steinsby Kjølsøy og veteranen Nils Ottar Sandø to mål kvar. Sandø spelte berre to kampar for Skarbøvik i løpet av fjorårssesongen, men vi treng ikkje gå lenger tilbake enn 2016-sesongen for å sjå at dette er ein spelar Hareid bør passe på. Då scora Sandø nemleg 29 mål på 18 kampar.

I fjor haust slo Hareid Skarbøvik 3-2 på heimebane. Sidan den gong har det vore store utskiftingar i Hareid-laget, medan fredagens motstandarar har skifta namn til SIF/Hessa.

Torsdag gjekk desse kampane i 4.-divisjon:

Rollon - Emblem 1-1

Godøy - LGFK 1-1

FK Sykkylven - Ørsta 1-2

Fredag går desse kampane:

Hareid - SIF/Hessa

Bergsøy - Volda

Valder - AaFK2