Hødd pressa og pressa, skapte målsjanse etter målsjanse, men fekk aldri den avgjerande scoringa heime mot Vard Haugesund. Det var skuffande, både for publikum og dei som var ute på banen, men Sindre Eid slår fast at prestasjonen til Hødd var god.

– Alle som såg kampen såg at Hødd spelte ein god fotballkamp. Det einaste var at vi ikkje scora mål. Eg er kjempefornøgd med måten vi spelar på, sjansane vi skaper, men sjølvsagt svært misfornøgd med at vi ikkje vinn kampen. Det er nærast uverkeleg at vi berre får med oss eitt poeng i dag, fortel Eid.

Hødd-trenaren meiner heimelaget leverte mykje bra fotball mot Vard Haugesund, men at dette var ein av dei dagane der ballen ikkje ville i mål.

– Eg har ikkje noko god forklaring på kvifor vi ikkje scorar i dag. Vi skaper frykteleg mange målsjansar og det ville vore verre om vi ikkje gjorde det. Vi har 14 store målsjansar. Vanlegvis så scorar ein tre-fire mål med så mange sjansar.

Vard Haugesund kom til Høddvoll med mål om å få med seg eitt poeng heim til Haugesund. Det klarte dei, sjølv om Hødd mange gongar var nære ved å score. Dette er nok også eit kampbilete Hødd vil oppleve fleire gongar denne sesongen, med lag som kjem til Høddvoll for å forsvare seg til poeng.

– Det var slik vi forventa at skulle bli i dag også, og eg synest vi løyser det bra. Vi spelte oss rundt på kant, fekk innlegg og vi hadde kombinasjonar. Hadde vi vunne kampen 3-0, slik som vi burde ha gjort, så hadde ein kjempefølelse og alle ville vore fornøgde, seier Eid.

Marius Hagen var involvert i mykje i løpet av kampen mot Vard Haugesund. Etter kampslutt var midtbanespelaren svært skuffa over at ikkje laget fekk med seg tre poeng.

– Vi køyrer heile kampen, Blåsarane var med oss heile kampen, det var godt oppmøte og vi spelar eigentleg ein fantastisk kamp, men dersom ein skal vinne så må ballen i mål. Det er heilt utruleg at ikkje det skjer i dag, fortel Hagen.

Han peikar samstundes på at Hødd held nullen i tredje kamp på rad og at laget spelte fin fotball og skapte meir enn nok sjansar til å sikre alle tre poenga.

– Av og til har ein nokre dagar der ballen ikkje vil i mål. Det er veldig skuffande, men vi gjer ein god prestasjon. Det er frustrerande når vi har ballen i 90 minutt, vi skapar sjanse på sjanse på sjanse, gir alt vi har og så er det berre målet som manglar. Eg håpar vi også kan ha den flaksen Vard hadde i dag i tida framover.

Ifølgje Hagen er oppskrifta på å bikke desse kampane rett veg framover veldig enkel.

– Det handlar berre om å gjere akkurat det same, men vi må sette ballen i mål i staden for å skyte i stolpen eller rett på keeper eller like utanfor. Vi spelar ein fantastisk fotballkamp, men manglar målet. Det er slikt som skjer i løpet av ein sesong, men det er veldig synd at det skjer i dag, seier midtbanespelaren.