Sindre Eid valte å gje dei same 11 spelarane sjansen frå start som i seriepremieren borte mot Stjørdals-Blink sist helg. Dermed kom Bendik Rise og Andreas Breimyr inn att i startellevaren etter cupkampen mot Volda, medan Eirik Franke Saunes og Markus Naglestad var tilbake på benken.

Hødd kom til kampen mot Vard Haugesund med 3-0 siger i serieopninga og med avansement frå første runde i cupen etter ein 1-0 siger mot Volda. Laurdagens motstandarar hadde ikkje fått ein like godt start på sesongen, med tap for Brattvåg og cupexit mot 3.-divisjonslaget Sotra.

Dei første få minutta var det bortelaget som hadde mest ball på Høddvoll, men det var heimelaget som først nærma seg avslutning etter eit langt kast frå Daniel Eid. Steffen Moltu vann første duellen og Hødd fekk ballen mot mål, men før dei blåkvite fekk avslutta hadde linjedommar markert for ein offside i feltet.

Eid var også involvert i Hødd sin første målsjanse, då han kom fint rundt på høgresida, slo knallhard inn framom mål og fann Joachim Osvold i god posisjon framom mål. Dessverre for Hødd glei ballen av foten på Osvold og han fekk ikkje avslutninga på mål.

Det var også heimelaget som skapte det som var i starten på kampen. Kort tid etter moglegheita til Osvold vann Hødd ballen høgt i banen. Bendik Rise tok med seg ballen framover og prøvde eit skot frå 18 meter, men utan å få ballen innanfor stengene.

Deretter burde Joachim Osvold ha scora for Hødd. Ti minutt var spelt og Andreas Breimyr fann Osvold som hadde god plass i Vard-feltet. Han tok seg forbi ein spelar, men sleiva skikkeleg med skotet som gjekk fleire meter til side for mål.

Vard si første avslutning kom etter 15 minutt, etter at Joachim Osvold bomma med ei pasning på midten og gav bortelaget sjansen til å sette i gang ein overgang på venstresida. Ballen blei slått inn framom mål der Oddbjørn Skartun fekk avslutta, men Ole Monrad Alme hadde brukbar kontroll og slo ballen til corner.

Det var ingen tvil om at Hødd var beste laget dei første 20 minutta på Høddvoll og Bendik Rise var svært nære ved å banke inn 1-0 etter ein corner då 21 minutt var spelt, men ballen gjekk rett på keeper og Vard fekk rydda unna. I same situasjonen ropte Blåsarane bak mål på straffe til Hødd, men utan at dommar gjorde teikn til å ville blåse.

Vard skapte lite i første halvdelen av førsteomgangen, medan Hødd kom nærare og nærare. Etter 27 minutt spelte Hødd seg vakkert rundt på venstresida før ballen vart slått gjennom feltet der Andreas Breimyr venta. Han sikta på næraste hjørnet, men trefte i staden stolpen.

Joachim Osvold kom heldt også fram med å kome til bra avslutningsmoglegheiter, men avslutningane til angriparen var ikkje gode nok.

Bortelaget vart pressa lenger og lenger bakover i banen, og tidvis stod Hødd sine forsvarsspelarar 0 meter inn på Vard sin halvdel. Dette førte samstundes til at det var rom å kontre i for Vard, noko som også skjedde etter 31 minutt, då Hødd ikkje klarte å utnytte ein corner. Henrik Breimyr måtte ta eit gult kort for å stoppe overgangen og på frisparket gjekk ballen heilt inn til Ole Monrad Alme.

12 minutt før pause var det utruleg at ikkje Hødd tok føringa. Eirik Haugan var høgast på ein corner og tvinga fram ei redning frå keeper. På returen stod Hødd-spelarane i kø for å score, men vart etter kvart vinka av for offside.

Hødd hadde sjansane, men klarte ikkje å utnytte dei før pause. Mellom anna burde Joachim Osvold hatt minst eit par mål. Difor var det heilt klart Vard som hadde mest å vere fornøgde med då laga gjekk til pause. Bortelaget skapte lite, men gjekk til pause utan baklengsmål etter ein omgang i motvind på Høddvoll.

Den andre omgangen såg ut til å halde fram på same måten som den første, men etter nokre innkast høgt i banen for Vard fekk bortelaget sette eit lite trykk på Hødd. Det førte til eit par skot rett på Alme, men utan at det verkeleg blei farleg.

I staden tok Hødd over igjen. Heimelaget kom til ei rekkje innleggsmoglegheiter frå begge sidene, men det blei stort sett farlegast når Daniel Eid slo inn frå høgre. Mellom anna fekk Marius Hagen avslutta mot mål etter 58 minutt, men han fekk ikkje fart på ballen og keeper kunne enkelt plukke.

Sindre Eid var ikkje nøgd med 0-0 og etter 62 minutt sette han inn Markus Naglestad og Eirik Franke Saunes for Andreas Breimyr og Preben Sætre.

Hødd pressa på, men som ved nokre høve i førsteomgangen var heimelaget sårbare på kontringar imot. Etter 66 minutt gav Marius Hagen frå seg ballen like utanfor Vard sin halvdel, og bortelaget kunne sette fart mot Henrik Breimyr, som var einaste Hødd-forsvarar på eigen halvdel. Breimyr gjorde samstundes ein fantastisk jobb og hindra det som kunne blitt ein svært farleg moglegheit for bortelaget.

Farleg blei det likevel få minutt seinare. Etter ein Vard-corner blei ballen slått inn att i feltet frå motsett side. Ballen gjekk gjennom heile feltet og ei lita berøring hadde vore nok til å sende den i mål, men i staden kunne Hødd puste letta ut.

To minutt seinare måte Ole Monrad Alme i aksjon for å halde på nullen for Hødd. Oddbjørn Skartun fekk stå heilt åleine i Hødd-feltet og banka til frå god posisjon, men Alme leverte ei god redning og slo ballen til corner.

Det var likevel Hødd som skapte det meste, og som hadde ballen klart mest på Høddvoll. Det viktigaste, scoringane, vart det likevel ingen av dei første 80 minutta. Bendik Rise hadde eit ok forsøk etter fint spel frå Daniel Eid på høgresida, men skotet frå ti meter gjekk rett på keeper.

Minuttet seinare var det Marius Hagen som fekk avslutte etter innlegg frå Eid, men headinga frå fem meter gjekk to meter over mål.

Vard Haugesund har ein svært farleg mann på frispark i Andreas Ulland Andersen, og difor var det mange som heldt pusten på Høddvoll då Vard fekk frispark på 17 meter med sju minutt igjen. Denne gongen vart det heldigvis for Hødd heilt ufarleg, og broren til tidlegare Hødd-spelar Eirik Ulland Andersen sendte ballen mange meter over mål. Ulland Andersen fekk moglegheita igjen etter ei svak klarering frå Hødd nokre minutt seinare. Denne gongen vart det klart farlegare, men ballen gjekk halvmeteren til side for mål.

No byrja det å haste for Hødd, som pressa på for det avgjerande målet. Det vart også småfarleg etter eit godt slått frispark frå Bendik Rise i det kampen gjekk inn i overtida, men avslutninga mangla igjen for Hødd.

Minuttet på overtid styrte Magnus Naglestad eit innlegg over mål og då tyda det meste på at detville ende med poengdeling på Høddvoll.

Det må kunne sjåast på som to tapte poeng for Hødd, som stort sett dominerte alt som skjedde i denne kampen og som hadde meir enn nok sjansar til å avgjere.

Siste sjanse for Hødd blei eit innlegg frå Daniel Eid, men Vard fekk blokkert og utfrå jubelscenene frå Vard-trenaren var det ikkje vanskeleg å sjå kven som var mest fornøgde med resultatet.

Kampfakta:

2.-divisjon, avdeling 2 – runde 2:

Hødd – Vard Haugesund 0 - 0 (0-0)

Høddvoll

Dommar: Sulman Maroof Hussain, Manglerud Star Fotball

Gule kort: Henrik Breimyr, Joachim Osvold, Marius Hagen, Oddbjørn Skartun, Martin Nordtveit

Mål:

Hødd: Ole Monrad Alme – Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu – Daniel Eid, Marius Hagen, Joakim Wrele, Andreas Breimyr (Markus Naglestad 62), Preben Sætre (Eirik Franke Saunes 62) – Bendik Rise, Joachim Osvold (Magnus Myklebust  76)