Marina Bazzeo blei nyleg tilsett som ny hovudtrenar i Hødd handball. Ho vil vere trenar for 18-årslaget i 2018/2019-sesongen. Det skriv Hødd Handball i ei pressemelding.

Det primære ynskjet er å få i stand ein fylkesserie for J18-lag i Møre og Romsdal, og det er ifølgje Hødd interesse for dette hos fleire klubbar i fylket.

Hødd forklarer prosjektet slik:

Prosjektet med eit felles 18-årslag skal vere å samla talentfulle, ambisiøse og treningsvillige spelarar frå dei involverte klubbane. Målet er å ha høg sportsleg kvalitet, som kan gjere spelarar aktuelle for regionale lag. Ein vil også at legge vekt på at det skal vere ein arena for sosial tilhøregheit. Spelarane kan i tillegg spele for lag i eigen klubb.

Bergsøy/Hareid/Hødd

Laget får namnet Bergsøy/Hareid/Hødd og heimebane vil rullere mellom klubbane.

Rundt 20 spelarar vil danne treningsgruppa, og ein tek sikte på at laget har to fellestreningar i veka, i tillegg til trening i eigen klubb.

Utviklingsplanar vil bli laga gjennom eit samarbeid med toppidrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule.