Hasundgot starta sesongen med å slå Bergsøy 2 2-0 på bortebane laurdag. Onsdag sikra laget seg tre nye poeng då Tjørvåg vart slått komfortabelt på Hasundgot stadion.

Allereie etter om lag åtte minutt sette Ruben Muren inn kampens første scoring. Hasundgot kasta inn frå høgresida og i feltet dukka kapteinen opp og banka ballen i mål frå sju-åtte meter.

Ti minutt seinare var same mann på farta igjen. Denne gongen viste Muren styrke, heldt unna næraste forsvarar og forserte inn i 16-meteren før han plasserte ballen i lengste hjørnet.

Heimelaget hadde full kontroll defensivt, noko som blei illustrert av at tilbakespel til keeper var det farlegaste heimelaget sin sisteskanse hadde å ta seg av. Samstundes skapte ikkje Hasundgot enormt med sjansar før pause, men laget tok godt vare på dei sjansane dei hadde.

Midtvegs i omgangen sette Joakim Gustavsen på turboen ute på høgresida. Han tok seg fint forbi forsvararen sin og gjekk rett mot mål. Keeper kom ut, men Gustavsen fekk tuppa ballen forbi og inn i målet til 3-0. Eit flott raid og mål.

Scoring i debuten

Etter pause tok det berre få minutt før ein veteran skulle teikne seg på scoringslista. Ronny Jørgensen, med fortid i mellom anna Hødd, Hareid, Larsnes/Gursken og Tornado Måløy, fekk sin offisielle debut for Hasundgot og putta også sitt første mål. Keeper redda det første skotet, men på returen var Jørgensen sikker og sette inn 4-0.

Sebastian Moldskred Kleven scora mot Bergsøy 2 og teikna seg også på scoringslista med 5-0 målet mot Tjørvåg. Så skulle også bortelaget få seg eit mål, på det som truleg var einaste reine avslutninga på Hasundgot sitt mål. Det vart uansett berre som trøystemål å rekne, for Hasundgot heldt fram med å angripe.

God start

Åtte minutt før slutt sette Nicolai Haddal Molvær inn 6-1 etter fint spel frå debutant Iver Franke Saunes på venstresida, og like før dommar Oddbjørn Aam bles av kampen sette Ruben Muren inn sitt tredje mål for kvelden. Det enda dermed 7-1 og Hasundgot står med seks poeng etter to kampar.

- Vi har fått ein veldig bra start, med god tenning i laget, bra defensiv organisering og med giftige spissar på topp. Det ser bra ut, seier trenar Per Gustavsen, som leier laget saman med Øystein Muren.

Laget har fått inn nokre solide forsterkingar til denne sesongen, med Vegard Heltne tilbake i gamleklubben, med comeback frå Trond Haugland og no også med Ronny Jørgensen.

- Det er godt å ha litt variasjon, med både unge og litt eldre spelarar, og dei går godt saman, meiner Gustavsen.

Tjørvåg tapte også sin første seriekamp denne sesongen og Hasundgot vil nok møte tøffare motstand i nokre av sine komande kampar. Neste onsdag skal laget mellom anna til Høddvoll for å møte Hødd 3.

- Vi går alltid til kampane med blanke ark, uansett motstand, køyrer vårt spel og prøvar å styre kampane dit vi vil ha dei, seier Gustavsen.

Kampfakta:

6.-divisjon, avdeling 3

Hasundgot - Tjørvåg 7 - 1 (3-0)

Hasundgot stadion

Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL (Har dømt alle dei fire kampane som er spelt i avdelinga så langt)

Gult kort: Svein Eirik Ertesvåg

Mål: Ruben Muren (3), Joakim Sundgot Gustavsen, Ronny Jørgensen, Sebastian Moldskred Kleven, Nicolai Haddal Molvær.

Hasundgot: Joakim Rødven - Marius Muren, Simon Haddal Spjutøy, Vegard Heltne, Ivar André Aadland - Joakim Sundgot Gustavsen, Thomas Edvard Gjerde, Nicolai Haddal Molvær, Sebastian Moldskred Kleven - Ruben Muren, Cato Veien

Innbytarar: Kim-Rune Hansen, Trond Haugland, Ronny Jørgensen, Iver Franke Saunes, Mats Bigset, Sander Nedreberg Gjerde, Svein Erik Liaset Ertesvåg.