Hødd sitt juniorlag tok tysdag i mot serieleiar AaFK på Høddvoll i det som til tider var ein svært blaut fotballkamp.

Første omgang var prega av svært lite sjansar til begge lag, og at AaFK hadde eit lite spelemessig overtak. Den einaste større hendinga i løpet av dei første 45 minutta var ein strålande utført overgang av AaFK sin Sebastian Andreassen som tok med seg ballen over halve bana og elegant plasserte den forbi Hødd sin keeper til 0-1.

Andreomgangen vart det meir futt i, og endeleg skapte begge laga fleire sjansar. AaFK var i tillegg svært effektive, og Andreassen sette sitt andre mål for dagen etter nok ein god enkeltmannsprestasjon.

Hødd svara etter kvart med Peter Saunes Hasund, som sette ballen i mål etter ein retur frå keeper. Hødd var svært nære ved å utlikne nokre minutt seinare, men ballen gjekk i tverrliggjaren og ut.

I staden var det bortelaget som tok godt vare på overgangane sine og la på til både 1-3 og 1-4 før dommar bles av for full tid. Resultatet var nok noko flatterande for AaFK, som var meir effektive enn det Hødd klarte å vere, men samstundes var det bortelaget som kunne bokføre flest sjansar.

- Det er ein relativt jamn kamp, mot eit godt lag, som er ein del eldre enn oss. Gutane gjer ein god innsats og er offensive i tankegangen. Det står og bikkar på 1-2 med tverrliggjarskotet som like gjerne kunne gått inn, og så sprekk det litt opp etterpå, fortel Kenneth Moldskred. Han meiner at viljen til å kome tilbake i kampen fører til at laget glepper litt i nokre avgjerande situasjonar.

- Aafk har eit fortinn på løpskrafta, dei er litt større og litt eldre, men det er det vi ønskjer slik at vi både får perioder med meistring og vi har perioder der vi blir utfordra.

Moldskred meiner heile laget står bra saman om å møte utfordringar i lag, men trekk fram Eirik Sundgot Kristiansen, Isak Haanes og 14-åringen Elias Flø som viktige bidragsytarar mot AaFK.