Franz Schiemer sende Red Bull Salzburg (frå Austerrike) opp i 1-0 etter 16 minutt. Og ni minutt etter kvilen dobla Jonathan Soriano leiinga for heimelaget. Men heilt på tampen av kampen reduserte Emil Forsberg, slik at sluttresultatet i Austerrike vart 2-1.

Dermed er ikkje utgangspunktet før returoppgjeret i Malmö heilsvart. Reduseringa gjer at Malmö vil avansere til gruppespelet i Champions League om dei slår Red Bull Salzburg 1-0.

Åge Hareide har hatt stor sukess i sin første sesong som Malmö-trenar både i Europa og i heimleg serie. Malmö leiar no Allsvenskan sju poeng framfor AIK. Tabellen.