Utsendingane var frå heile 45 forskjellige nasjonar. Fire av dei 65 deltakarane var frå Norge. Og ein av dei var altså Jenny Stokkevåg Berg. Framfor dei andre deltakarane heldt ho workshop om DNB idrettsleikar (som ironisk nok gjekk akkurat same veka som friidretts-EM, men Jenny var med og planla årets leikar på Høddvoll). Ifølgje friidrett.no fekk denne workshopen svært gode tilbakemeldingar frå dei andre deltakarane.

Det offisielle namnet på forumet i Sveits var «UNESCO Young Leaders Forum». Ein stor del av innhaldet under forumet var det deltakarane som stod for sjølve.

Det var Norge som fekk prisen for beste presentasjon (Stine Haugum og Jostein Holmgren), medan Portugal fekk prisen for beste prosjektidé.

Lord Sebastian Coe (OL-vinnar på 1500-meter frå 1980 og 1984 og leia London-OL i 2012) heldt ein tale til forumet på deira siste dag i Zürich. Han takka deltakarane for deira store frivillige innsats.

Alle foto: Friiidrett.no