Akkurat no ser vi ikkje kven som kan vere kapable til å ta igjen Hødd-spissen, som både har spelt i 1.-divisjon og 3.-divisjon denne sesongen. (Men alle dei 17 seriemåla hans har kome i 3.-divisjon.)

Nærast er Ørjan Engen Grimstad, Hareid IL, med fem mål i 4.-divisjon og fire i 6.-divisjon. Han har spelt ein del spiss denne sesongen, men flyttar etter planen snart til Trondheim.

Benjamin Mork Kleppe har scora åtte mål for Hødd 2, men vore plaga med skadar den siste tida.

Av Hødd sine damespelarar har både Åslaug Helvig og Vilde Hasund scora sju mål. Men Helvig har flytta vekk for å studere, medan Hasund er aktuell for Røa.

Alle med fem mål eller fleire så langt:

1. Robin Hjelmeseth, Hødd A og B (0+17)

2. Ørjan Engen Grimstad, Hareid A og HIL2/HIL (5+4)

3. Benjamin Mork Kleppe, Hødd A og B (0+8)

4. Åslaug Helvig, Hødd D (7)

4. Vilde Hasund, Hødd D (7)

4. Eirik Ulland Andersen, Hødd A (7)

4. Franjo Tepuric, Hødd A og B (1+6)

8. Fredrik Aursnes, Hødd A (6)

8. Robin Shroot, Hødd A og B (5+1)

10. Bendik Rise, Hødd B (5)

10. Henrik Grimstad, Hødd A og B (0+5)

10. Eirik Kalvø Vattøy, Hasundgot (5)

10. Angelica Vattøy, Hødd D (5)

10. Arthur Hareide, HIL2/HIL (5)

PS. Christer Adrian Mork var lokal toppscorar både i 2012 og 2013, men har har flytta til Volda og sett fotballen på vent.