Det opplyser løpspådrivar Vidar Vollsæter. Etter 23 år frå Rundebrua til Hareid stadion går løpet frå no av frå Hareid stadion til Holesanden og tilbake. To rundar.

– Vi ser at andre maratonarrangørar har endra trasé utan å nullstille rankinglistene sine – og då gjer vi det også, seier Vollsæter.

Trur på fleire deltakarar

– Vi trur denne løypa er litt lettare enn den frå Runde. Rett nok er der nokre bakkar i denne traseen også, men ikkje så lange og høge som i Runde-traseen, seier Vollsæter, som trur at det nye opplegget med sine nye utfordringar vil appellere til ein del løparar – og at det blir ein oppsving i deltakartalet.

Alt tysdag denne veka hadde det kome 10 påmeldingar til heilmaraton. Det er meir enn vanleg så tidleg. Mellom desse er ein spanjol, ein tyskar og ein danske – og sjølvsagt den nordmannen som har sprunge flest maratonløp; Inge Asbjørn Haugen. I fjor hadde NV Maraton 15 deltakarar på heil distanse og 35 på halv.

Praktiske fordelar

Omlegginga gir også på ein del praktiske fordelar. No slepp arrangøren mellom anna å køyre deltakarane i buss ut til Rundebrua. Det er lagt opp til drikkestasjonar i Bigsetkrysset, Kvamskrysset, på Røyset og på stadion. Som før er det 1/3 premiering i alle klasser, 2000 kroner til heilmaraton-vinnarane og 1000 kroner til halvmaratonvinnarane. Det er også samla inn ein god del gåvepremiar, som blir lodda ut på startnummera. Under løpet er det kafé på klubbhuset der også premieutdelinga vil skje etterpå. Også i år kvalifiserer Nordvest Maraton til ”Viking-diplom”. Løparar som har fått med seg tre av dei fire tiltaka ”Frå fjord til fjell” (Geiranger), ”Varden Opp” (Sula), ”Saudehornet Rett-Opp” (Ørsta) og ”Nordvest Maraton”, får diplom. Den som spring full distanse i NV Maraton – og har to av dei andre løpa – får ”Ekte viking”-diplom. Vêret teiknar til å bli bra. Det er ikkje meldt nedbør laurdag. Det er speakerteneste på stadion frå litt før starten for heilmaraton (klokka 12).