I første omgang var det to lag som spelte disiplinert defensivt, men ingen av laga fekk prikken over i-en offensivt. Etter tre minutt testa Marinescu Ioan-Bogdan skotfoten, men trefte tverrleggjaren. Bjørnar Johansen blei spelt flott gjennom av Bogdan etter 14 minutt. Johansen rakk ikkje pasninga heilt, som gjorde avslutninga svak. Nokre minutt seinare lada Alexander Nevstad kanonen. Skotet gjekk like over. Etter 42 minutt fekk Wingsternes sitt andre gule kort, som gjorde at Hareid måtte spele med ti mann resten av kampen. 0-0 til pause var greitt ut i frå spel og sjansar.

Skapte likevel sjansar

2. omgangen var meir underhaldande – for tilskodarane vel å merke. Då gjekk ballen raskare og begge laga var ute etter å få eit mål. Sjølv om Hareid var ein mann mindre, var dei minst like farlege som Emblem framover. Etter både 64 og 71 minutt testa Georg Eikrem Olsen skotfoten, men Csaba Levente Boga redda flott. Etter 66 minutt skaut Bogdan godt frå kort og skrått hald, men Vagn Scheide Mork redda meisterleg. Heilt på tampen av kampen fekk Thor-Ove Brekke også sitt andre gule kort. Men det var i overtida. Ingen av laga klarte å endre på stillinga då dommar Bjørn Magne Bakkom bles av kampen. Dermed blei det årets fjerde uavgjort på heimebane (3-4-0) for Hareid, som spelte ein bra kamp mot eit godt Emblem-lag som ligg på 2.-plass. Hareid-karane spelte taktisk klokt, jobba iherdig - og kunne med litt hell også ha vunne kampen.

Linjedommaren greip inn

Hareid-leiren reagert kraftig på dei to utvisningane. Ingen forstod kvifor Ulrik Wingsternes fekk det sitt andre gule kort etter at linjedommaren greip inn etter å ha høyrt noko hovuddommaren ikkje hadde fått med seg. Wingsternes sa sjølv at han ropte «Var det ej som oppheva offsiden?» til linjemannen på ein vennleg måte. Også Thor-Ove Brekke fekk først eit udiskutabelt gult kort, medan det andre var vanskelegare å fatte. Brekke skal ha sagt "Bra du vann den duellen på ærleg vis" til motspelaren etter ein duell.

- Usportsleg

Etter kampen hadde dommar Bjørn Bakkom følgjande å seie om dei to raude korta han delte ut til Hareid:

- Ulrik får det første gule kortet på grunn av at han kjem for seint inn i ei takling, medan det andre får han på grunn protestar mot assistentdommar Oddbjørn Hatlehol si avgjersle. Det andre raude kortet kjem på grunn av usportslig oppførsel. Han (Brekke) har gult kort frå før på grunn av at han hindrar Emblem i å ta eit frispark raskt. Andre gule kortet får han etter håning av motspelar, der han først vil ha frispark men ikkje får det, sa Bakkom til Vikebladet Vestposten.

Kampfakta4.-divisjon, runde 13Hareid – Emblem 0-0Hareidsmyrane stadionTilskodarar: 50Dommar: Bjørn Magne Bakkom, Åmdal ILGule kort: Wingsternes, Driksna, Mork, Brekke.Raudt kort: Wingsternes, Brekke.Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Robin Jackson Indreflø, Martin Nikolai Longva, Ulrik Wingsternes, Nauris Driksna (Joar Møller 90) – Ola Kalvø Vattøy (Thor-Ove Brekke 74), Alexander Nevstad, Joachim Røyset, Georg Eikrem Olsen - Lars Andreas Dahlen Folkestad, Simon Holstad Grimstad.*** Longva, **Folkestad, *Mork