Wrele stod også over heimekampen mot HamKam sist helg.

- Jokke slit med kneet. Han har truleg fått ei rift i leddbandet. Men eg trur Jokke er klar igjen ut i neste veke, seier Hødd-trenar Sindre Eid til Vikebladet Vestposten.

Også Benjamin Mork Kleppe står over Nest-Sotra-kampen. Han fekk ein kraftig strekk i låret for ei tid sidan, men har begynt å jogge igjen.

Sandal nærmar seg

Kva så med Erik Sandal, som har vore i trening ei god stund?

- Erik hadde ei god økt i går og blir betre dag for dag. Men eg kan ikkje seie om han er aktuell for kamp til helga. Vi må også hugse at han ikkje har spelt kamp på ti månader. Men Erik nærmar seg, forklarer Sindre Eid.

- Vi er i form

I vår tapte Hødd 5-2 heime mot Nest-Sotra etter ein svært svak kamp. No har begge laga 27 poeng. Nest-Sotra har 8.-plassen med betre målforskjell. Det betyr at Hødd går opp på øvre halvdel med siger søndag.

- Vi har mykje å revansjere. Med siger klatrar vi på tabellen, så dette er ein slags sekspoengskamp. Vi veit kva vi går til. Og vi satsar på å spele godt i ein viktig kamp. Vi føler vi er i form no, seier Sindre Eid.

- Det er mykje rot i Nest-Sotra for tida. Dei står for tida utan permanent trenarløysing. Er det ein fordel for Hødd?

- Det kan det vere, men det kan også svinge andre vegen - på den måten at spelargruppa blir meir samla. Nest-Sotra spelte i alle fall ein god kamp i Tromsø måndag, sjølv om dei tapte, fortel trenar Eid.

Møter Hødd-cupmeister

På motsett banehalvdel søndag står etter alt å døme Thomas Lid Kleppe, som tok cupgull med Hødd i 2012. Han er frå Ørsta, og kanskje ein spelar som kan kome til å signere for Hødd igjen om han flyttar heim ein gong?

- Dit har vi ikkje kome. Men klart Thomas er ein spelar vi kjenner godt frå før, seier Sindre Eid.