Karsten Warholm er fredag klar for finale på både 110m hekk og på 400m under senior-NM i friidrett på Jessheim.

på 110m hekk er Warholm regjerande meister, men denne gongen er han nok ikkje favoritt, sidan fem år eldre Vladimir Vukicevic truleg har ei betre tid inne per dags dato. Warholm hadde nok likevel klare ambisjonar om å minst nå ei sølvmedalje med brukbar klaff.

På 400m er det nok likevel Karsten som er den store favoritten, der han litt etter litt knappar inn på Quincy Douglas sin norske rekord.

Warholm fekk ein veldig fin start på 110m hekk, og medan midtpartiet var tråare, så hadde han ei vilt rask avslutning, som såg ut til å ta Vukicevic fullstendig på senga. Det måtte fotofinish til for å skilje dei to løparane, og når resultatet først kom opp på sidene til arrangøren så fekk begge to deltakarane tida 14,48! Det ser altså ut til at Karsten Watholm og Vladimir Vukicevic deler gullet.

Nytt gull

På 400 meteren starta Warholm i fjerde bane. Med bestetid i kvalifiseringa var han nok temmeleg sterk i trua før starten, og dei første par hundre meterane såg det også veldig bra ut for Warholm. Deretter byrja ein av dei to Roth-brødrene i feltet å hale alvorleg inn på Warholm, og med hundre meter igjen låg dei to heilt likt.

Ei stund såg det ut til at Karsten skulle få problemer med å riste av seg konkurrenten, men når Dimna-utøvaren verkeleg sette inn støtet, så var det ingen som kunne henge med. Warholm kontrollerte til slutt inn sitt andre NM-gull på mindre enn to timar med tida 47,03.