- Det seier seg sjølv at det er kjekt å spele fotball igjen, sjølv om det aldri er kjekt å tape. Eg har lagt eit godt grunnlag. Det skal eg takke Torres (Manu, fysisk trenar) for. Han har pusha meg beinhardt. Men klart. Eg er kamprusten. Det merkar eg sjølv. Men eg fekk til ein del. Eg slo ein del bra pasningar og hadde eit par bra skot som kunne ha godt inn med meir hell. Ja, det var veldig godt å vere tilbake igjen. Det er utruleg artig å spele fotball, seier Sandal til Vikebladet Vestposten etter kampslutt.

- Eg er offensiv

Og ja, 31-åringen gjorde seg slett ikkje vekk i comebacket. Han viste mykje av si gode fotballforståing som har gjort han til ein legende i Hødd. Å vurdere kor vidt spelarar er gode nok for 1.-divisjon etter å ha sett dei i 3.-divisjon er alltid vanskeleg. Men Sandal har då heller ikkje tenkt å prate seg inn på a-laget.

- Om eg er med mot Sandefjord søndag får Sindre (Eid) og dei bestemme. Eg er offensiv i alle fall. Det var godt å ikkje kjenne noko verken i ankelen eller der brotet var på ei såpass hard kunstgrasbane. Det er veldig positivt. Kampklar og kampklar. Eg veit ikkje kva eg skal seie til det. Etter ti månader må eg ta det litt gradvis. Eg er i alle fall veldig gira på å kunne bidra i dei åtte siste kampane, seier Erik Sandal.

Hødd skapte lite

Og kva så med sjølve kampen? Vel. Det er sjeldan Hødd 2 skaper så lite på heimebane som dei gjorde denne gongen. Robin Hjelmeseth burde nok ha scora etter ei pasning frå Henrik Grimstad etter 30 minutt. Men då leia allereie Stryn 1-0. Vegard Savland sette inn 1-0 i det fjerde minutt etter passivt forsvarsspel av Hødd. Savland kunne også ha sett inn 2-0 etter 18 minutt. Og åtte minutt før pause var det nesten utruleg at ikkje Karsten Bjelde scora då han hadde passert både Mathias Holstad Grimstad og Jan-Lennart Urke, men sette ballen til side for mål frå kort hald. 2. omgang vart sjansefattig. Stryn jobba iherdig, medan Hødd aldri heilt fann ut korleis dei skulle spele ut det kompakte borteforsvaret. Vi noterte ein OK sjanse ved Franjo Tepuric etter 68 minutt. Men det vart eigentleg aldri dramatisk før Robin Hjelmeseth prata på seg direkte raudt kort i overtida.

- Mål pregar kampar

- Stryn er eit relativt robust hardtarbeidande lag som gjer det vanskeleg for oss. Dessutan er det slik at mål pregar kampar. Det er dårleg av oss å sleppe til den overgangen etter tre og eit halvt minutt. Å kome bakpå så tidleg handterte vi ikkje bra nok i dag med tanke på nøyaktigheit og balltempo. Etter kvart vart vi meir og meir stressa. Stryn jobba heilhjarta, medan vi ikkje fann roa. Altså, spelarane våre jobba og stod på. Men vi beherska ikkje motspelet godt nok i dag, oppsummerte Hødd 2-trenar Kenneth Moldskred.

Som i likskap med både publikum og media gledde seg over å ha Erik Sandal tilbake på ei ordinær fotballbane.

- Det er definitivt kjekt å sjå Erik tilbake på bana. Han har jobba hardt over lang tid for å kome tilbake. Erik er ein kjempegod spelar som vi unner alt godt og som vi treng på a-laget etter kvart. Det var kjempekjekt å sjå at det gjekk så bra med han den halvtimen han spelte, meiner Moldskred.

Gav Stryn skryt

Erik Sandal, som sjølv spelte mange tøffe kampar mot Stryn som Skavøypoll-spelar, irriterte seg over 1-0-tapet. Men skrytte også av Stryn.

- Når vi ikkje scorar og Stryn kunne ha scora fleire på kontingar, så taper vi eigentleg fortent. Stryn har alltid vore eit fysisk robust lag som er godt organisert. Dei spring mykje, duellerer og gir bånn gass. Vi har vore sjansar vi også, men å måtte jage og jage mot eit lag som ligg bakpå på ei lita kunstgrasbane er vanskeleg. All ære til Stryn.

Kampfakta3.-divisjon avdeling 8, runde 17Hødd 2.-lag - Stryn 0-1 (0-1)Høddvoll kunstgrasTilskodarar: 65Dommar: Øystein Ytterland, IL ValderGule kort: IngenRaudt kort: Hjelmeseth (Hødd)Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Martin Mork Breivik, Mathias Holstad Grimstad, Audun K. Øvrelid, Ruben-Kenneth Brandal (Erik Sandal 62) - Henrik Grimstad (K), Pål Hofset Skeide, Andreas Brune Rekdal (Franjo Tepuric 46) - Bendik Rise, Espen Standal, Robin Hjelmeseth.