- Tida vil vise. Eirik har vore ein viktig bidragsytar for oss i år. Men no har dette altså skjedd, og kan vi ikkje gjere anna enn å håpe at det går bra med Eirik. Så er eg glad for at vi har gode alternativ som kan gjere ein god jobb, seier Sindre Eid.

- Har Eirik vore lagets beste offensive spelar i år?

- Klart, Eirik er vår toppscorar med sju mål og tidvis hatt ein veldig god sesong. Eirik har tatt steg frå i fjor og blitt ein meir komplett spelar. Så klart. Vi har mista ein god spelar, seier Eid.

Neppe formasjonsskifte

Dei siste kampane har Hødd hatt suksess med ein 4-3-3-formasjon, der Eirik Ulland Andersen har hatt den eine vingrolla. Hødd har ikkje så veldig mange typiske vingar i årets stall (truleg fleire typiske spissar enn vingar). Så spørst det om Hødd kjem til å halde fram i 4-3-3 likevel.

- Vi har spelt 4-3-3 med suksess tidlegare i år også, mellom anna borte mot Bærum då vi vann 1-0. Forskjellen på 4-3-3 og 4-2-3-1 er eigentleg ganske liten. Det er berre å snu v-en på midten. Men det er stor sjanse for at vi går ut i same formasjon søndag, seier Sindre Eid.

Utan Wrele

Og søndag er serieleiar Sandefjord motstandar på Høddvoll. Hødd vil då truleg mangle Joakim Wrele, som framleis trenar alternativt. Heller ikkje Ole Amund Sveen trena ordinært onsdag, men han blir nok klar til helga.