Det vart klart etter at Malmö i dag vann 3-0 heime mot Red Bull Salzburg. Første kamp i Austerrike tapte Malmö 2-1, men no tek dei seg altså vidare til den gjæve klubbturneringa med 4-2 samanlagt.

Det er ein svært god prestasjon av Malmö FF leia av Åge Hareide. Svenskane kan møte lag som Bayern München, Real Madrid, Manchester City, Chelsea og Barcelona i gruppespelet.

- Dette er ein fantastisk fin prestasjon av gutane. Dei er flotte å jobbe med. Vi skulle forsvare oss og kontre. Defensivt er ikkje Salzburg så gode. Magnus Erikssons mål er toppklasse i Europa. Kampen fekk ein heilt annan karakter då vi leia 2-0, sa Åge Hareide til Viasat etter at avansementet var klart.

Det er 14 år sidan Sverige sist hadde lag i gruppespelet i Champios League. Malmö FF har aldri vore der.

Åge Hareide får mange gratulasjonar på nettet etter bragda.

"Well done, Sweden!!!! Well done to our friend Åge Hareide", melder Jan Åge Fjørtoft på twitter.

"Da farsan ringte meg i dag og sa de skulle gå ut i 3-5-2 og forklarte meg hvordan, kjente jeg at dette gikk veien. Masterplan", skriv sonen Bendik Hareide.

Les meir her.