Den mangeårige Hødd-storscoraren kom på bana etter 75 minutt. Og ifølgje rapportane skal han ha gjort ein solid jobb som oppspelspunkt.

Dessverre for Televik og Haddal klarte dei ikkje å utnytte det spele- og sjansemessige overtaket dei hadde i 2. omgang.

Før pause sende Cato Veien heimelaget Haddal i leiinga på straffespark, men Volda2/Hovdebygda2 si utlikning etter 50 minutt vart kampens siste mål. Referat frå kampen kjem i laurdagsnummeret.