Fleire vil ha det til at ørstingen vurderer å flytte til Oslo etter sesongen. Det vil ikkje Standal seie noko om til lokalavisa, anna enn at framtidsplanane ikkje er klare.

- Ingenting er bestemt. Eg er Hødd-spelar til 31. oktober og held meg til det. Vi får sjå kva som skjer etter det, seier Standal til Vikebladet Vestposten.

- Treng tillit

I fjor vart han toppscorar for Hødd i serien med sju mål. Då fekk 1992-modellen mykje tillit som midtspiss. Men denne sesongen har vore meir ujamn, både med tanke på prestasjonar og tillit. I serien står Standal med null mål. I cupen har han to. Og av dei 18 kampane spissen har spelt i 1.-divisjon har åtte vore innhopp frå benken. I det siste har heller ikkje Espen Standal vore med i troppen.

- Er det di eiga form eller tilliten frå trenaren du er misnøgd med?

- Begge deler. Forma har ikkje vore bra nok. Men skal den vere det treng eg å spele jamt og trutt for å kome i kampform, seier Standal, og presiserer at mykje er opp til han sjølv.

Best i 4-4-2

Hødd har dei siste kampane spelt 4-3-3, ein formasjon som neppe passar Espen Standal perfekt. Han er nok aller best som ein av to spissar, sjølv om han scora greitt med spiss som midtspiss i 4-2-3-1 i fjor. Men no er Eirik Ulland Andersen skadd resten av sesongen og Hødd treng fleire alternativ på kantane. Standal spelte ving i Hødd 2-kampen mot Stryn måndag. Kanskje kan dette vere ei rolle for han på a-laget også?

- Kor vidt eg får meir speletid når Eirik er skadd har eg ikkje tenkt noko på. Kanskje… Klart det kan vere kjekt å spele kant. Men då må eg få tid til å venje meg til rolla. Uansett passar eg nok aller best som ein av to spissar, meiner Standal.

- Halde plassen

Hødd har vunne dei to siste kampane og ligg no på åttandeplass i 1.-divisjon, seks poeng over nedrykksstreken og ni poeng bak kvalik. Søndag kjemserieleiar Sandefjord til Høddvoll. Espen Standal meiner Hødd må konsentrere seg om å halde plassen.

- Ja, vi kan ikkje tenke noko oppover på tabellen enno. Det viktigaste er å halde plassen. Så tek vi ein kamp om gongen derifrå, vurderer 22-åringen.