Komande søndag er det nok ein gong klart for sykkelløpet Gurskøya rundt. I år er det Gurskøy IL som er hovudarrangør, og for 31. året på rad kan ein setje seg på sykkelen for å ta fatt på dei 47 kilometerane rundt øya. Løpet har gått av stabelen kvart år sidan oppstarten, uavhengig av vêr og vind.

Det vert start i bygdene Leikong, Gursken (stadion), Gjerdsvika, Moltustranda og Tjørvåg (Stokksund), og ein kan velje kva retning ein vil sykle. Det vert også saftstasjonar og kiosk ved dei nemnde plassane. Gurskøya rundt er eit løp som legg vekt på turglede, og dei ulike stoppestadane er ein god plass for å slå av ein prat med kjentfolk. Nokre syklar på tid, men dei fleste syklar for turen og trimmen sin del.

Kan vinne sykkel

Tradisjon tru vert det trekt ut ein heldig person blant alle deltakarane som kan vinne ein skinande ny sykkel, til ein verdi av om lag 4000 kroner, sponsa av G-Sport Fosnavåg. Sykkelen får vedkomande velje ut sjølv. Det vert også delt ut medalje kvart 5. år ein deltek.

Arrangørane ynskjer alle velkomne til å delta, og oppmodar deltakarane om å bruke refleksvest og hjelm. Dei ber også bilistane om å vise særskild omsyn denne dagen.