Jan Åge Fjørtoft hyllar Åge Hareide etter bragda i Malmö.

Åge Hareide (60) vakna opp til fantastiske overskrifter i Sverige dagen etter den sterke sigeren over fotballpengemaskina frå Salzburg.

3– 0 var meir enn nok til å senda det svenske laget inn i det gode selskap i meisterligaen med 4– 2 samanlagt over to kampar.

– Dette er fantastisk for Åge personleg, og norsk fotball treng ein som står oppe med fana vår no, seier Viasat-ekspert Jan Åge Fjørtoft (47) til NTB.

– Fotballen lever av typar som Åge

For medan Henning Berg blei offer for rot i eigen administrasjon i Legia Warszawa, Ronny Deila slit med å skapa ein vinnarkultur i Celtic og Ståle Solbakken prøver å få skikk på FC København, er det no Hareide som opplever størst suksess av dei norske trenarane i utlandet.

– Det er fantastisk å ha Åge tilbake i manesjen. Han er ein humørfylt og entusiastisk kar. Han var ein av dei første proffane våre i England og har vunne seriegull i tre ulike land. Åge lever av fotballen, og fotballen lever av typar som han, seier Fjørtoft.

– Han prøvde å lura alle med at han skulle gje seg med fotballen i 2012. Eg hugsar eg skreiv tekstmelding til han den gongen: «Du lurer alle, men du lurer ikkje meg». Og no er han i det store selskap. Fantastisk, seier Fjørtoft.

Solid Malmö-lag

Den tidlegare norske landslagsspissen innrømmer at han var overraska over det Malmö presterte onsdag kveld.

– Eg er ikkje så overraska over at dei gjekk vidare, for dei var offensive og skapte sjansar i Salzburg også. Det eg er overraska over, er kor overlegne dei var. Det er eit Salzburg-lag som til vanleg er fantastiske framfor mål, men dei klarte ikkje skapa mange sjansar mot eit veldig solid Malmö-lag, seier sunnmøringen, som no trur Malmö kan bli det store flaggskipet i Skandinavia – også på sikt.

– Akkurat no er det ikkje tvil om at Malmö er flaggskipet i Skandinavia. FCK er inne i ein trend der dei slit med å finna seg sjølv og korleis dei skal bruka ressursane sine på best mogleg måte. Dette kan vera starten på ein ny æra for Sverige og Malmö, trur Fjørtoft.