Berre tre minutt inn i kampen scora tidlegare Hødd-spelar Kjell Rune Sellin, etter ei smart gjennombrotspasning frå Lars Iver Strand. Målet kom etter svakt press frå Hødd-forsvaret, og Sellin kunne enkelt setje ballen i Falchs lengste hjørne.

Etter kalddusjen kom Hødd etter kvart meir med i kampen, og kom seg høgre opp i bana. I det 18. minutt var Robin Shroot farleg frampå, og pressa fram eit innkast høgt oppe i bana. Innkastet kom heilt inn i 16-meteren, og etter litt om og men fekk Shroot sett ballen i mål via ein Sandefjord-spelar.

Ny giv

Målet gav naturlegvis Hødd-laget ny energi, og heimelaget kom mykje betre med i kampen etter utlikninga. I det 24 minutt kom Hødd til ein eventyrleg dobbeltsjanse, der Shroot først sette ballen i stonga, før Vegard Heltne fekk sjansen frå rundt 10 meter, men sette ballen utanfor mål.

Gjestane frå Sandefjord gjorde sitt for å kome tilbake, og etter 38 minutt fekk dei eit frispark knappe 40 meter utanfor målet til Hødd. Situasjonen verka i utgangspunktet ufarleg, men ballen gjekk direkte i mål, etter svakt keeperspel av Aslak Falch.

Betre etter pause

Etter pause gjekk Hødd ut i høgt tempo, og skapte etter kvart temmeleg mykje. Jesper Törnqvist heada ballen om lag ein meter over målet. Sandefjord fekk 5 minutt seinare eit frispark på om lag 20 meter, som Kevin Larsen satte i tverrliggaren.

Hødd fortsette presset mot motstandaren sitt mål, og berre ei god redning frå Sandefjords målvakt stoppa Ole Amund Sveens heading frå å gå inn. Dei neste 15 minutta skapte Hødd ei rekkje sjansar, først ved Vegard Heltne, etterfølgt av to nye forsøk av Shroot.

Avgjerdsla

Bortelaget kom til færre sjansar, men etter 79 minutt kom dei frampå igjen, og sette inn 3-1, etter ei uheldig innvolvering av Falch. Hødd-laget sleit med å kome inn att i kampen etter dette.

Eit minutt før slutt fekk Sandefjord straffespark, og Pål Kirkevold sette ballen til motsett side for Falch. Dermed gjekk Hødd på nok eit surt heimetap, trass i ein godt gjennomført 2. omgang.

Kampfakta1.-divisjon runde 23Hødd - Sandefjord 1-2 (1-2)Høddvoll Tilskodarar: 1463 selde billettar og sesongkort. Mål: 0-1, Sellin (3), 1-1 Shroot (18), 1-2 Larsen (38), 1-3 Kirkevold (79), 1-4 Kirkevold (90, straffe)Dommar: Anders Gjermshus, Hamar ILGule kort: Törnqvist, Torset (Hødd), Sellin, Røyrane (Sandefjord).Raudt kort: Sellin (Sandefjord)Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist (K), Steffen Moltu, Victor Grodås – Andreas Rekdal (Erik Sandal 69), Bendik Torset, Ole Amund Sveen, Fredrik Aursnes, Vegard Heltne (Robin Hjelmeseth 84) - Robin Shroot

Vi følgde kampen live: