Spissen scora 1-0 etter berre tre minutt, og Sellin seier til lokalavisa at har er godt nøgd med å få med seg eit slikt resultat heim til Sandefjord.

- Det var litt spesielt å vere tilbake på Høddvoll, og det var ein tøff kamp. Men eg er godt nøgd med kampen, og at vi tek med oss tre poeng. Det er det viktigaste, seier Sellin.

Overlegen siger

Sandefjord vann til slutt overlegent. Etter første omgang stod det 2-1 til Sandefjord. I 2. omgang gjekk Hødd ut i høgt tempo og skapte mange store sjansar. Likevel var det bortelaget som var mest effektive, og Sellin synest at Sandefjord spelte best etter pause, og at dei vant fortent.

- Ja, eg synest vi vinn fortjent. Det å score mot Hødd var jo litt spesielt, men no spelar eg for Sandefjord, og er glad eg scora i dag. Spesielt sidan det kom etter godt samspel frå laget, meiner Sandefjord-spissen.

Utvisning

På overtid kom Sellin seint inn i ei takling, og fekk sitt andre gule kort for dagen. Spissen innrømmer at det var ei rettferdig avgjerdsle.

- Eg kjem for seint inn der, så eg kan ikkje seie noko på det, innrømmer Sellin.

Sandefjord toppar no tabellen i 1.-divisjon, med ein kamp meir spelt enn Tromsø. Dermed tyder mykje på at Kjell Rune Sellin vert Tippeliga-spelar saman med resten av laget neste sesong.