Dette var 31-åringens andre fotballkamp i år. Den første kom måndag for Hødd 2 mot Stryn i 3.-divisjon.

Kunne fått assist

Då Sandal kom på bana i dag var Hødd inne i ein god periode. Like før innbytet hadde Ole Amund Sveen og Vegard Heltne hatt gode sjansar. Og etter bytet fekk Robin Shroot to gode moglegheiter - den siste etter pasning frå nettopp Erik Sandal.

- Eg sit igjen med blanda kjensler no. Rett etter eg kom inn fekk vi nokre gedigne sjansar. Sandefjord leia 2-1, men det var vi som køyrde kampen. Så fekk dei 3-1 nokre minutt seinare. Sånn er fotballen. Mål pregar kampar. Vi spelte til tider bra, men var ineffektive - medan dei var effektive. All ære til Sandefjord, seier Hødds nummer 7 til Vikebladet Vestposten etter kampslutt.

- Retninga var god

Sjølv om det vart tap i kveld var Sandal greitt nøgd med eigen innsats.

- Eg la til rette for ein sjanse, samtidig som eg kom til ei avslutning. Det stod mange folk mellom ballen og målet, så det skulle jo litt til å score der. Men retninga var god, forklarer midtbanespelaren.

Sjeldan innbytar

Som ikkje er spesielt godt vand med å vere innbytar. Etter 2006, då Sandal starta på benken eit par kampar grunna sjukdom, har han så godt som alltid starta Hødd sine kampar.

- Og det var spesielt rart å kome inn i dag, sidan det er så lenge sidan sist. Men eg føler eg har gjort ein bra jobb for å kome i form. Eg manglar framleis kamptrening, og kamp er noko helt anna enn trening, men eg er lett og fin i kroppen, forklarer Erik Sandal.

Som ikkje uventa fekk varm applaus frå heimepublikummet då han kom på bana etter 69 minutt.

- Det varmar ein gammal kropp, humrar gullklokke-høddaren.

Om han får meir kamptrening i morgondagens 3.-divisjonskamp mot Tornado Måløy FK, i heimkommunen Vågsøy, visste ikkje Sandal etter kampslutt i dag.