- Vi hadde god kontroll i dag. Vi stod imot og var kontrollerte bakover, med fokus på å unngå å starte med eit tidleg baklengs. Offensivt fekk vi tidlege mål, og jobba med å halde konsentrasjonen og viljen oppe. Vi kunne også ha scora fleire mål, men vi skal vel heller ikkje seie oss misnøgde med fem, seier trenar Kenneth Moldskred på telefon frå Refvika.

Sondre Beite scora kampens første mål etter 14 minutt. Martin Mork Breivik la på til 2-0 etter knappe halvtimen. Åtte minutt før pause la Beite på til 3-0.

Midt i 2. omgang sette Beite sitt tredje for kvelden. Innbytar Isak Haanes punkterte til 5-0 fem minutt før slutt.

- Vi møtte eit lag som var meir fysiske enn oss. Så ein kan seie at det var ei ulempe. Men vår fordel var at vi sprang fortare og spelte kjappare fotball enn dei, vurderer Kenneth Moldskred.

Hødd fekk ei god opning på kampen og spelte godt i 1. omgang med unntak av ein liten periode før pause. Bortelaget tok også tak i 2. omgang frå start av og styrte kampen lenge. Mot slutten begynte det å bli mørkt på Refvik stadion, og det vart også ein del hawaii-fotball. Men det var aldri nokon tvil om kvar sigeren ville hamne. Derfor slo Hødd 2 tilbake etter ein under pari kamp mot Stryn sist veke, som gav 1-0-tap på heimebane.

Denne kampen vil sjølvsagt i stor grad bli hugsa for Sondre Beite sit hattrick. Men også resten av Hødd-laget spelte godt på Refvik stadion.

- Scorar du tre mål er du sjølvsagt god. Men dette var også ein skikkeleg lagsiger, meiner trenar Kenneth Moldskred.

Kampfakta3.-divisjon avdeling 8, runde 18Tornado Måløy FK - Hødd 2.-lag 0-5 (0-3)Refvik stadionMål: 0-1 Beite (14), 0-2 Breivik (28), 0-3 Beite (37), 0-4 Beite (66), 0-5 I. Haanes (85)Dommar: Asbjørn Håre, Fjøra FKGule kort: Evensen, Holvik, Kvalheim (TMFK)Hødd: Ole Monrad Alme - Alexander Eksund, Audun Øvrelid, Mathias H. Grimstad, Ruben-Kenneth Brandal - Martin Mork Breivik, Henrik Grimstad, Pål H. Skeide - Sondre Beite, Espen Standal, Bendik Rise + Isak Haanes, Daniel Haanes, Eirik Saunes (alle etter 75 min.)*** Beite, ** H. Grimstad, * Øvrelid

Andre resultat i dag: Eid - Aalesund II 2-4, Bergsøy - Sogndal II 1-2Tabellen.