Mange engasjerte seg i konkurransen. Forslag som Åge Hareide, Kjetil Hasund, Kjetil Rekdal, Dagfinn Evebø og Tommy Sylte kom inn.

Men det korrekte var Even Blakstad. Det visste 18 av dei som hadde sendt inn forslag.

For 20 år sidan var Blakstad kaptein då Hødd vann si 1.-divisjonsavdeling. Han leia også laget i Tippeligaen året etter, ein sesong som enda med eit knapt nedrykk. Totalt spelte "Blakken" 196 kampar for Hødd.

Blakstad er opphavleg frå Batnfjordsøra, men er i dag busett på Ottestad.

*

Vinnaren av konkurransen vart Julie og Bendik Blakstad. Dei frå tilsendt ein overraskingspakke frå Vikebladet Vestposten pluss eit bilete av cupfinalelaget i 2012 i posten.

Rett trekning: Anne Gry Eilertsen.