Sjå stor biletserie i toppen av saka. Du kan bla i bileta med piltastane på eit tastatur.

Både laurdag og søndag har små og litt større farkostar med kvite segl dansa rundt på sjøen utanfor Ulsteinvik. Ulstein Seilforening og Aalesund Seilforening har nemleg arrangert KM for joller og MR Cup 4.

Med joller i Optimist-, Zoom- og Laserklassen har det vore duka for mange spanande duellar ute på fjorden, men det kan også vere ei prøve for tolmodet når ein skal arrangere konkurransar med segl. Laurdag måtte starten utsetjast om lag ein time grunna for lite vind, og søndag tok det endå lenger tid før seglasane kunne kome i gang.

Til slutte enda arrangørane opp med å flytte bøyene frå vika inn mot Ulsteinvik, og heller leggje seglturen ut forbi Ulstein verft, mellom Spjutøya og Nordre Kloholmen. Seglturen vart difor litt forseinka, men med litt hjelp frå småbåtar kom alle dei konkurrerande jollene seg ut til startstreken.

For dei uinnvigde kan både starten og ruta som blir sigla verke noko forvirrande, men siglarane hadde tydelegvis full kontroll. Med litt meir vind i segla, vart det også meir fart på jollene, og noko meir uroleg i sjøen, men deltakarane såg ut til å meistre det utan problem.

Vi kjem attende med resultata frå KM.