Sist sesong hadde Hareid IL handballag for kvinner på seniornivå for første gong sidan 1986. Møtet med 4.-divisjon vart som venta tungt for det ferske Hareid-laget som nytta sesongen til å hente erfaringar.

Hødd sine damespelarar kjempa derimot i den andre enden av tabellen, og var lenge med i den harde fighten om opprykk. Mot slutten av sesongen vart det for mange poengtap, og både Ørsta og Bergsøy rykte frå. Til slutt var det Bergsøy som enda på den gjeve opprykksplassen.

I 2013/2014-sesongen var det berre lag frå Sunnmøre som spelte i avdelinga. 13 lag var påmeldt, men Haram trekte laget, så avdelinga hadde berre 12 lag.

Til den nye sesongen er det tilbake på 13 lag i 4.-divisjon avdeling 1, og denne gongen er det fleire nye lag på terminlista. Frå Sunnmøre er Blindheim ny klubb på programmet, medan Bergsøy og Fiskarstrand og Volda 3 ikkje lenger spelar i divisjonen.

I staden er det henta inn lag frå lenger nord i fylket. Isfjorden, Åndalsnes og Vestnes/Varfjell.

Den nye handballsesongen tek til komande helg. Då spelar Hareid sin første kamp borte mot Åndalsnes og dagen etter borte mot Sykkylven/Stranda.

Ifølgje terminlista skal ikkje Hødd spele sin første seriekamp før 18. oktober, borte mot Godøy. Då skal Hareid allereie ha spelt sin tredje kamp for sesongen, og den første på heimebane i Hareidhallen.

Vi må heilt inn i julestria for å finne den første av to naboduellar mellom Hødd og Hareid. 21. desember er første kampen mellom dei to sett opp, medan returoppgjeret i Hareidhallen skal gå 24. januar 2015.