Kevin Olai Wingsternes Svarstad heldt søndag fram den gode innsatsen i PEAB-leikane som vert arrangert i Stjørdal denne helga. Laurdag vann han 200-meteren og fekk 1019 Tyrving-poeng. Søndag tok han tredjeplass på 1500-meter med tida 4,55,81, noko som gir 875 Tyrving-poeng. I høgdekonkurransen tok han nye 1000 poeng og førsteplassen i G-13 klassa. Med 1,61 var Wingsternes Svarstad heile 20cm framom nestemann.

Svenning Veiseth tok 6.plassen i spydkonkurransen for 13-åringar. Det beste kastet var 28,78 meter.

Dimna-jenta Ine Sleipnes tok 3.plassen på 1500-meter for jenter 13. 5,31,93 var godt nok til 838 Tyrving-poeng. På 60-meter var det Margrete Warholm som gjorde det best av Dimna-jentene. Warholm vann sitt heat med 9,12, Ine Sleipnes hadde 9,19 og Kamilla Skaar Berg fekk tida 9,44. Berre Margrete Warholm tok seg til finalen. Der forbetra ho tida si til 9,01 noko som heldt til ein 5. plass.

Warholm var også i aksjon i tresteg. Der hadde ho eit bestehopp på 8,92, som var fjerde best i konkurransen.

Madelen Gustavsen frå Dimna IL tok fjerdeplassen på 200-meter i j14-klassa med tida 35,83. Anne Liv Holstad tok tredjeplassen i 60-meter finala med tida 8,49 (935 Tyrving-poeng).

I kretskampen låg Møre og Romsdal på ein tredjeplass etter første konkurransedag. Gode resultat søndag, mellom anna frå Dimna- og Hareidutøvarar førte Møre og Romsdal opp ein plass i kretskampen, og til andreplass bak Nord Trøndelag.