Kampen går på TV2 Zebra – med heimelaget som store favorittar. Tromsø har lenge sett ut som eit opprykkslag, men 2-1-borte-tapet for Mjøndalen nyleg var ein liten oppstrammar. Skulle Tromsø gå på endå eit tap – heime mot Hødd – vil Mjøndalen vere heilt oppe i ryggen deira.

Begge vil revansjere seg

Nettopp derfor blir denne kampen uhyre vanskeleg for Hødd, som på si side har ein svært god bortestatistikk og tilliks med Tromsø er ute etter å revansjere eit tap (1-4 heime mot Sandefjord).

Sjølv om Hødd ofte har vore gode i TV-overførte kampar, er dei klare underdogs i denne kampen. Men det ser dei ut til å like ...

Dei siste meldingane går ut på at Bendik Torset er ute med tre gule kort og at come back-ferske Erik Sandal hanglar. Og som vi veit er Eirik Ulland Andersen ute resten av sesongen.

Kor mange poeng treng Hødd?

Ei meir langsiktig problemstilling no når sesongen går inn i den siste fasen, er Hødd sin divisjonsstatus etter denne sesongen. Blir kampane på nyebana i 2015 1.- eller 2.-divisjonskampar?

Etter heimetapet for Sandefjord er kvalik-håpet for Tippeligaen definitivt over og ut. 10 poeng å ta inn på Bærum er for mykje på så få kampar. I tillegg må Hødd ta inn 9 poeng på Kristiansund.

Derimot skal ikkje Hødd sove altfor trygt om nettene med tanke på å unngå nedrykk. I skrivande stund er dei nummer 9 på tabellen med 6 poengs klaring til 1. nedrykkslag, som er Alta. Hødd har 30 poeng, Alta har 24.

Men taper Hødd for Tromsø måndag, kan forspranget vere halvert til 3 poeng – og då begynner det å bli spennande. Vi trur det først og fremst er Alta Hødd må halde bak seg.

Frå 29 til 37 poeng

I fjor rykte Vard Haugesund ned med 34 poeng. Så mange poeng må nok Hødd minst ha for å fornye kontrakten i år. Statistikken for 1.-divisjon for dei 10 siste åra viser kva poengsum 1. nedrykkslag hadde:

2005: 29 POENG

2006: 35 POENG

2007: 32 POENG

2008: 30 POENG

2009: 37 POENG (!)

2010: 31 POENG (15 lag)

2011: 34 POENG

2012: 35 POENG

Som vi ser har det vore rykt ned lag frå 1.-divisjon i denne perioden med alt frå 29 til 37 poeng. Såpass jamn som divisjonen no er, trur vi det kan vere lurt å stipulere ein relativt høg poengsum for første nedrykkslag. Ein stad mellom 35 og 37 bør vere nok til å halde plassen. Lat oss gå utifrå 36.

Taper då Hødd for Tromsø måndag, må dei truleg vinne to av dei seks siste kampane, eventuelt vinne ein av dei og spele tre uavgjort. Poengsummen 36 bør halde. Men kan i verste fall også gi nedrykk.

Hødd sitt restprogram:

15/9: Tromsø-Hødd

21/9: Hødd-Fredrikstad

28/9: Hønefoss-Hødd

5/10: Alta-Hødd

19/10: Hødd-Ranheim

26/10: KBK-Hødd

2/11: Hødd-Bryne

1. nedrykkslag per dato, Alta, som altså ligg 6 poeng bak Hødd, har dette sluttprogammet:

14/9: Bryne-Alta

21/9: Alta-Mjøndalen

28/9: Sandefjord-Alta

5/10: Alta-Hødd

19/10: HamKam-Alta

26/10: Alta-Ull/Kisa

2/11: Hønefoss-Alta

For å kome opp på 36 poeng må Alta ta 10 poeng på dei sju siste kampane. Sett at dei kan ta tre av dei i heimekampen mot Hødd 5. oktober, så er det ikkje nokon umuleg tanke at dei kan makte ein slik innspurt. Men det talar mot Alta at dei alt no i september skal møte topplaga Mjøndalen og Sandefjord, som begge kjempar hardt om dei to direkte opprykksplassane i lag med Tromsø.

Kampen kan du følgje direkte på Vikebladet.no.