- Det svir jæ**ig, seier Hødd-trenar Sindre Eid etter å ha sett laget bli audmjuka av Tromsø på Alfheim.

Etter ein førsteomgang der Hødd ikkje skapte noko, prøvde bortelaget å løfte seg i andreomgangen, men fekk i staden tre kjappe baklengs.

Tromsø best i det meste

- Vi går alltid inn i kampane og forventar å site att med noko, poeng eller i det minste ein god prestasjon. I dag får vi ingen av delane, seier Eid.

Trenaren meiner Hødd møtte eit lag som var betre i dei fleste fasane i kampen, og at Hødd gir vekk for lette mål i fleire situasjonar.

De er nære ei redusering, men så blir det i staden tre mål i mot. Kva er det som skjer?

- Hadde vi fått 2-1 der så ville vi vere på veg til å spele oss inn i kampen, men så blir det tre, fire og fem så kjapt. Det er så skuffande, for vi seier at vi skal halde strukturen gjennom heile kampen, men vi klarer det ikkje.

Er det resultatet eller prestasjonen som er mest skuffande?

- Begge deler. Tromsø er eit godt lag, og var veldig revansjesugne etter tapet mot Mjøndalen sist, men som eg sa til spelarane; no er vi alle i same båt og må jobbe knallhardt for å snu det til kampen neste helg.

Må framstå på ein anna måte

Eid fortel at laget må legge kampen i Tromsø bak seg, og sjå framover til kampen mot Fredrikstad.

- Det er ein ny kamp og vi må trene godt, vere godt budde og vi må framstå på ein annan måte.

Ein av spelarane som ikkje var med i troppen mot Tromsø er Erik Sandal som nyleg var tilbake for Hødd.

- Han har fått ei utfordring med ein ankel, fortel Sindre Eid og legg til at han ikkje når kampen til helga heller.