Fredag kjem Volda, den suverene serieleiaren i 4.-divisjon, på vitjing til Hareidsmyrane stadion for seriekamp mot Hareid. Men denne kvelden er det ikkje berre fotballen som er i fokus. Alle inntektene frå kampen skal nemleg gå til ei god sak. Hareid IL gjennomførte eit liknande tiltak til inntekt for Kreftforeninga i 2013, og i år er det Legar utan grenser merksemda skal rettast mot.

– Vi prøvde dette i fjor og det fungerte veldig bra. Vi merka at det skapte engasjement hjå dei aktive og spelarane. Om det hadde noko å seie for kampen veit eg ikkje, men med engasjementet rundt var det berre positivt, fortel Stian Runne Brandal som er leiar i fotballgruppa til Hareid IL.

Fleire måtar ein kan gje

Runne Brandal seier at publikum både kan vere med å løfte fram heimelaget og i tillegg støtte ei god sak.

– Det er mange gode organisasjonar vi kunne gitt denne støtta til, men det var forslag i styre om Legar utan grenser.

I tillegg til at alle billettinntektene går til eit godt formål blir det også bøsseinnsamling for dei som ønskjer å gje meir, og Runne Brandal fortel at det blir tippekonkurranse om å tippe rette resultatet i kampen, der ein kan vinne ei signert drakt frå heimelaget.

– Vi håpar jo at folk vil gje litt meir enn dei vanlegvis gjer på ein fotballkamp, seier Stian Runne Brandal, som også håpar at så mange som mogeleg tek turen til Hareidsmyrane og kunstgrasbana.

– Det er eit ønskje frå oss om å kunne gje noko tilbake og rette merksemda mot eit godt tiltak. Det er berre positivt.

Runne Brandal fortel at etter eit vellukka arrangement i fjor ser Hareid IL ingen grunn til å ikkje halde fram.

– I tillegg er mottakarane også veldig positive. Både Kreftforeninga og Legar utan grenser stiller med bøsser, materiell og informasjon.

Treng støtte frå publikum

Volda-laget som kjem på vitjing til Hareid fredag jaktar opprykk til 3.-divisjon etter nedrykket i fjor. Stian Runne Brandal trur det blir bra med Volda-supporterar til kampen og oppmodar derfor folk på Hareid om å vere med for å skape ei best mogeleg ramme.

– Bra med publikum gir spelarane noko ekstra, slår han fast.

I tillegg til sjølve innsamlinga vil det også verte informert om Legar utan grenser.

– Bidraget er meir enn berre innsamlinga, det er også informasjon til flest mogeleg, vi rettar fokuset mot dette gode tiltaket og viser korleis folk kan bidra.