Medan Hødd må vente fire veker før dei serieopnar skal Hareid i aksjon allereie søndag, med bortekamp mot Sykkylven/Stranda. Hareid-damene går for siger i serieopninga, fortel dei. Og skulle det bli to poeng tangerer dei allereie poengsummen frå comebacksesongen 2013-2014, då det vart med ein einsleg siger mot Fiskerstrand.

– Vi er blitt betre sidan i fjor. Vi har trena betre, samhaldet er betre, sidan vi kjenner kvarandre betre – og vi er blitt meir positive, fortel jentene.

– Midt på tabellen

Dei veit heller lite om årets motstandarar. Fiskerstrand, som Hareid slo i fjor, er ikkje med i 4.-divisjon i år. Nye innslag er Blindheim, Isfjorden og Vestnes/Varfjell. At to romsdalslag er med i sunnmørsavdelinga er nytt av året. (Men som trenar Jeanette Teigene seier det; reiselengda er jo verre for romsdalslaga enn eit lag som Hareid.)

- Målet er å hamne omtrent midt på tabellen, varslar Hareid-damene.

– Vi skal vere realistiske. Vi kjempar neppe i toppen. Men om vi får ut det vi viser på trening i kamp, så skal vi klare oss bra, meiner Jeanette Teigene.

– Det sosiale viktigast

Men damene er snare med å presisere at det sosiale uansett er det viktigaste med handballaget. Det betyr ca. 80 %, meiner ei.

– Vi spelar for å ha det gøy. Så utviklar vi oss etter kvart. Om vi så taper alle kampane står vi på vidare, seier Teigene.

Med tidleg seriestart har ikkje Hareid spelt treningskampar før seriepremieren. Men dei har halde treningane i gang sidan rundt skulestart.

Tilbod for alle

Leiar i Hareid si handballgruppe, Arnhild Hestholm, skryter av innsatsen trenarane Jeanette Teigene og Karina Gade har gjort for handballdamene. Før laget vende tilbake til seriesystemet i fjor haust hadde ikkje Hareid hatt damelag sidan 80-talet.

Barne- og ungdomslag har Hareid hatt i mange periodar. Det har litt tynt dei siste åra. Men frå i haust av blir det tilbod for alle gutar og jenter frå 1. til 10.-klasse. Linda Godø Kostaris har tatt på seg å trene gruppene, som er delte opp frå 1. til 5.-klasse og frå 6. til 10.