* Erik Sandal. Har problem med ankelen.

* Andreas Rekdal. Ribbeinsskadd.

* Vegard Heltne. Tre gule kort.

* Benjamin Mork Kleppe. Strekk.

* Eirik Ulland Andersen. Ute resten av sesongen.

- Skadar er ein del av gamet. Klart, vi har hatt fleire skadar enn ønskjeleg denne sesongen. Men vi får ikkje gjort noko med det no, seier Hødd-trenar Sindre Eid til Vikebladet Vestposten.

- Kanonøkt torsdag

Hødd kjem frå ein svært svak kamp i Tromsø måndag. Det vart 5-0-tap etter at Hødd knappast fekk til noko som helst i Nordens Paris.

- Det er tungt første dagane etter eit slikt tap. Men vi ser framover. Og vi hadde ei kanonøkt torsdag. Ja, det var den beste treninga vår på lenge. No er vi svært revansjesugne inn mot Fredrikstad-kampen, varslar Sindre Eid.

Jobbar med strukturen

Før smellen i Tromsø spelte Hødd tre bra kampar på rad, med seks poeng som fasit. Men strukturen i laget var totalt fråverande i Tromsø. Og det har Hødd jobba med denne veka.

- Ja, vi har jobba med struktur både defensivt og offensivt. Vi prøver å vere så tydelege vi kan på dette, forklarer Sindre Eid.

- Treng fleire poeng

Med seks kampar igjen å spele ser det ut som årets 1.-divisjonssesong verken ebbar ut i det eine eller det andre for Hødd. Det er 11 poeng opp til kvalik, og det blir nok for tøft. Avstanden ned til Alta på nedrykksplass er seks poeng. Og Alta er slett ikkje i god form.

- Eg trur vi må ha nokre poeng til for å stå. Og dei poenga skal vi ta så fort som mogleg. Det er seks kampar igjen, og vi ønskjer å avslutte sesongen så bra som mogleg, varslar Hødd-trenar Eid.