Hødd stilte eit ungt lag grunna kolliderande a-kamp og tapte 2–0 borte mot Eid måndag.

– Vi jobbar hardt, byr på ferdigheitene våre og er solide i banespelet. Vi greier dessverre ikkje å omsetje sjansar og ballinnhav til scoringar i dag, i tillegg til at Eid får sine to relativt lettkjøpt. Det er sjølvsagt avgjerande for resultatet, og noko vi ønskjer å jobbe vidare med å bli dyktigare på. Slik sett trur vi på å halde fram med å investere heilhjarta her og no, vil gi god avkasting over tid, seier trenar Kenneth Moldskred.

Hødd 2 møter Bergsøy på heimebane måndag.

Kampfakta

Måndag 15. september

Eid–Hødd 2.-lag 2–0 (1-0)

Eid stadion. 180 tilskodarar.

Mål: 1–0 Aabrekk (11), 2–0 Balsnes (80)

Dommar: Yngve Håkonsen, Fjøra

Gule kort Hødd: Haanes x 2 og Skeide

Hødd (4-3-3): Sivert Pieroth–Eirik S. Kristiansen, Mathias Holstad Grimstad, Pål H. Skeide, Alexander S. Eksund (Amund K. Rasmussen 40)–Henrik Grimstad (K), Daniel Haanes, Martin Mork Breivik–Isak Haanes, Sondre Beite (Håkon Brautaset 75), Bendik Rise

*** Skeide, ** H. Grimstad, * Rise