Fredag ettermiddag kjem ein gjeng gutar syklande inn mot parkeringsplassen ved Almejordet barnehage i Ulsteinvik. Vel framme er det berre ein person dei ventar på, handballtrenar i Hødd, Oline Botnen.

Ho har blitt nominert som årets Trenerforbilde av dei som spelar på gutelaget. Avstemninga er i gang, og vert avslutta allereie måndag på trenerforbilde.no.

– Det er ein gjeng som har det så mykje kjekt i lag og det er imponerande å sjå kva ho har fått til med desse gutane, fortel Kjersti Flø som er sportsleg leiar i handballgruppa til Hødd.

Flø seier at det er eigenskapane til Oline Botnen som har fått gutane til å fungere så godt som eit lag.

– Ho er utruleg flink med dei og dei har kome imponerande langt frå dei starta opp, meiner Flø.

Glad for nominasjonen

Tilbake ved Almejordet har gutane fått selskap av Botnen. Planen for dagen er å sykle til Kjerringnesvatnet på Dimnøya, gå ein rundtur på fjellet og avslutte med grilling ved sjøen.

– Det sosiale er nummer ein, fortel Oline Botnen og legg til at gutane, som byrja som ei gruppe på om lag ni, har blitt ein tett samanknytt gjeng med gode vener.

Botnen fortel at ho er veldig glad for at gutane har nominert henne som årets trenarforbilde, men ho slår også fast at det ikkje er på grunn av handballkunnskapen ho vart nominert.

– Det er nok mange i Hødd som har meir erfaring og kunnskap om handball enn meg, men eg er veldig glad for at dei set pris på det vi gjer.

Kunnskap eller ikkje, det tek ikkje lange tida saman med Oline og handballgutane før ein forstår kvifor ho har blitt så populær hos dei.

– Det viktigaste for meg er at kvar ein av dei blir sett, at noko kan seie at ein likar dei kjempegodt og har trua på dei. Eg har lyst at denne gruppa skal bli flinke til å byggje opp kvarandre, og at vi kan gje dei eit trygt miljø å vekse og vere trygge i.

Fått taket på handballen

Då Botnen kom inn som trenar for handball-laget var det litt å henge fingrane i.

– Dei var nok meir interesserte i å klatre i ribbeveggen enn i å spele handball, smiler ho. Laget som har rundt 14 gutar er ifølgje trenaren også litt glade i både data og nettbrett, men handballen har gitt dei eit litt anna tilbod.

I sommar deltok laget på Partille-cup i Göteborg. Laget med foreldre budde i gymsal og fekk prøve seg mot tøff motstand.

– Vi fekk ein litt tung start, men utover i veka vart det betre og betre, og gutane fekk skikkeleg sus over handballen. Dei har utvikla seg noko heilt enormt, og det er skikkeleg kjekt å sjå kor flinke dei har blitt, skryt trenaren.

Kan vinne møte med landslagsprofil

Med nominasjonen som årets trenarforbilde er det også mogelegheiter for ein premie. Dersom ho skulle bli stemt fram, så kan klubben til dømes få besøk frå landslagsstjerna Karoline Dyhre Breivang. Men Botnen understrekar at det i så tilfelle vil vere eit tilbod til heile Hødd si handballgruppe.

Botnen, som til dagleg arbeider som lærar, fortel at ho elskar å arbeide med ungar.

– Det gir ei slik lykke, utbryt ho.

Botnen finn også tid til å skryte litt av foreldra til gutane.

– Vi har jogga kvar onsdag, og etter kvart har fleire og fleire foreldre blitt med. Dei er så flott, støttande og positive, og det er så kjekt når foreldra er med, støttar og skryt av gutane.

I sommar var laget med på Partille-cup i Göteborg. Etter ein litt vanskeleg start vaks laget kamp etter kamp, og Botnen fortel at gutane verkeleg har fått mykje handball inn i laget. Foto: Marie Flatin.