Det var Volda som kom best i gang på Høddvoll KGB. Etter ti minutts spel var Hødd-keeper Amalie Kragset for sein inn i ein duell. Ho bomma på ballen og felte ein Volda-spiss, dermed straffe. Kragset redda straffesparket frå Tuva Hagen og gjorde dermed opp for seg etter den litt seine taklinga. Etter dette kom Hødd meir med i kampen. Laget hadde mykje ballen, men sleit veldig med enkle pasningsfeil og lite framdrift i spelet. Dermed vart det ikkje ein einaste Hødd-sjanse i 1. omgang. Volda kunne med hell gått til pause med føringa, men avslutninga etter ein corner gjekk like over.

Gjestane krigar inn siger

Volda fekk ein knallstart på 2. omgang. Katrine Koppen blir spelt aleine med keeper, ho gjer ingen feil og trillar ballen sikkert i mål, 0-1. Etter cirka timen  spelt skaper Hødd-damene sin første målsjanse, dessverre gikk Mari Heggen sitt skotforsøk på feil side av stolpen. Hødd hadde fortsatt spelet, men sleit veldig med å skape sjansar. Mot slutten kom det seg derimot for heimelaget. Nykomlingen Siril Amalie Rusten blei spelt gjennom på kant, ho vann duellen med gjestande målvakt, men vinkelen vart for skrå til at avslutninga utgjorde nokon særlig trussel. Heilt på tampen kunne Hødd fått en kanonsjanse, den underteikna har mistankar om at dommarteamet blåste offside på ein spelar som ikkje var involvert i spelet.

- Manglar offensive krefter

- Eg synest jobbinga er bra, vi prøver å spele fotball, men offensivt strekk vi ikkje heilt til enno. Vi har mista nokre gode offensive spelarar som vert veldig vanskelege å erstatte, men vi har fått inn unge svoltne spelarar, som eg trur vil bli bra, når dei har fått tilpassa seg nivået, seier Hødds hjelpetrenar Jesper Törnqvist.

Kampfakta2.-divisjon kvinner avd. 6Hødd- Volda 0-1 (0-0)Høddvoll kunstgrasTilskodarar: 35Mål: 0-1 Karine Koppen (50)Dommar: Torbjørn Eidhammer, Vestnes/Varfjell -5Gule kort: IngenHødd: Amalie Brandal Kragset- Benedikte Nevstad, Anne Marie Skaar Hasund, Susann Kragset, Ingrid Måseide- Angelica Vattøy, Mari Heggen, Hanna Urke Møllerstad (Astrid Oline Roppen 80), Silje Holstad, Ellen Nerland Aahjem- Ingvild Sæther Ringstad (Siril Amalie Rusten 70)*** Anne Marie Skaar Hasund** Benedicte Nevstad* Ellen Nerland Aahjem