Hødd stiller med dette laget mot Fredrikstad: Falch - Ingebrigtsen, Törnqvist, Moltu, Grodås - Magnussen, Torset, Sveen, Aursnes, Brandal - Shroot.

2. omgang.

49 min: Ny Hødd-scoring. Venstreback Grodås knallar til frå 20 meter etter ein corner.

78 min: Standal kjem inn for Magnussen. Fredrikstad byttar Olsen mot Westgaard.

83 min: Gueye inn for Fredrikstad.

88 min Grodås gult for uthaling av tid.

Hødd tek ein svært viktig siger heime mot Fredrikstad. I dag var Hødd mykje betre enn i bortekampen mot Tromsø.

Sist måndag fekk Hødd det tøft på bortebane mot opprykksjagande Tromsø. Sundag får laget ein ny sjanse til å ta tre poeng, men det blir truleg ikkje enkelt mot eit Fredrikstad-lag som ligg på 5. plass før dagens kamp. Fredrikstad har same poengsum som Ranheim, og er eitt poeng bak Mjøndalen med seks kampar igjen å spele.

Etter tapet for Tromsø ligg Hødd på ein 11. plass. Med 30 poeng er det framleis seks poeng ned til Alta på den øverste av nedrykksplassane. Med ein siger kan Hødd hoppe opp til 8. plass i 1.-divisjon.

Tilsvarande oppgjer i Fredrikstad enda med ein 2-1 siger til heimelaget. Kan Hødd revansjere seg etter det sure tapet i Tromsø?

Første omgang:

Jamnt og ikkje spesielt sjanserikt dei første 20 minutta. Eit godt skotforsøk frå Aursnes og ein retur frå Falch det næraste.

Hødd har klart å løfte laget, er meir kompakte og tøffare ei presset enn mot Tromø. Fredrikstad kjem framleis litt lett til på Hødd si høgreside, med fleire potensielt farlege innleggssituasjonar.

Kampen er nok litt prega av den kraftige nedbøren på Høddvoll. Bana held greitt endå, men ballen går veldig fort.

39: Mål Robin Shroot på frispark.

44: Gult kort Jonas Ingebrigtsen.

Pause: Hødd har leiinga med 1-0, men dette har i hovudsak vore ein jamn kamp på Høddvoll. Ein del upresist frå begge lag, men Hødd har fått uttelling og det er det viktigaste.