– Dette var ein veldig god kamp av oss, og svært fortent. Eg synest vi har sjansane til å score fleire, utan at Fredrikstad er like farlege, fortel Hødd sin første målscorar i 2–0 kampen.

Shroot scora på frispark etter 39 minutt i første omgang, eit mål som gav heimelaget den nødvendige sjølvtilliten etter ein tung bortekamp i Tromsø.

– Vi har arbeidd steinhardt, hatt ei produktiv veke på trening og det synest eg vi ser i dag. Vi gir ikkje frå oss ballen like lett, og får færre overgangar i mot.

Skryt av Eid

Briten som no har åtte mål for Hødd fortel at dette var ein viktig siger for laget, men at han var spesielt glad på trenar Sindre Eid sine vegner.

– Han er så lidenskapeleg oppteken av klubben og det betyr så mykje for han. Eg trur han kan bli ein kjempesuksess i Hødd, men han må få tid på seg, meiner Shroot.

Med mål mot Fredrikstad gjorde spissen det han er på bana for å gjere, men Shroot skulle helst sett at det blei endå fleire.

– Eg går inn i kvar kamp og forventar å score. Det er oppgåva mi som spiss, seier Shroot som håpar han kan notere seg for fleire mål borte mot Hønefoss.

– Sidan det er ein bortekamp så er det meir press på Hønefoss, men no tek vi med oss så mykje sjølvtillit at vi bør kunne gå inn til kampen med same trua og same kvaliteten som i dag.

Med glimt i auget hadde spissen også ein kommentar om den fantastiske scoringa til Victor Grodås like etter pause.

- Det var den beste klareringa på Høddvoll i år, smilte Shroot.