– Det er i alle fall eit godt svar. I første omgangen synest eg vi har å gå på. Det byrjar ok, men så må Joa ut og er ute seks-sju minutt, og då mistar vi litt rytmen. Gutane vil mykje, vi spring mykje og i andre omgangen synest eg vi er bra, fortel Sindre Eid etter å ha sett laget score to mål, og halde reint bakover mot eit Fredrikstad-lag som kjempar om ein av dei fire kvalikplassane i årets 1.-divisjon.

– Vi møter eit Fredrikstad-lag som berre har sleppt inn ti mål på dei første 12 bortekampane denne sesongen.

Flytta Magnussen

Utover i den andre omgangen hadde Hødd betre og betre kontroll over gjestene frå plankebyen.

– Ja, vi tek brodden frå spelet deira fordi vi er godt organiserte og spring enormt mykje. Kollektivet fungerer godt, fortel Eid.

I løpet av den første omgangen vart Joachim Magnussen flytta frå høgreving til venstreving, medan Ruben-Kenneth Brandal gjekk motsett veg. Dette trekket kvelte i stor grad Fredrikstad sine tilløp på sin venstrekant.

– Joa er hovudsakleg ein offensiv spelar, og eg synest dei kom litt mykje rundt ute på sida der. Ruben er i utgangspunktet back og god defensivt, så vi følte at det var noko vi lukkast godt med.

Sandal ute

Eid var langt nede etter tapet mot Tromsø. Etter Fredrikstad-kampen vart det ei anna stemning i Hødd-leiren.

– Det er ikkje nokon mellomting som fotballtrenar, det er anten svart eller kvitt. I dag er vi sjølvsagt veldig glade og veldig letta først og fremst.

Eit skår i gleda for Hødd er det at Erik Sandal truleg ikkje spelar meir Hødd denne sesongen. Både Sandal sjølv og Sindre Eid fortel at ein ikkje veit heilt kva som er gale, men at ein ventar på svar.

– Erik får vere klar frå første seriekamp neste år slik det ser ut no, og så får alt anna vere ein bonus.