- Det var godt å få uttelling på få sjansar ja. Slik er fotball, over tid skal det der jamne seg ut, og i dag var det vår tur å ha litt «Golljhår»

Det seier Joachim Magnussen til Vikebladet etter kampen. Han var sjølvsagt godt nøgd med den etterlengta sigeren.

- Det var svært deilig å få med oss 3 poeng på heimebane, etter to kampar der vi ikkje har hatt spel eller resultat med oss.

Kriging

Det var lenge ein nokså tett og jamn kamp på Høddvoll. Dei kraftige regnbygene hjalp heller ikkje på, og den første halvtimen skapte begge lag ein del sjansar, utan å by på noko utprega finspel.

- Vi visste det kom til å verte ein tøff kamp med mykje kriging. Etter det første målet vart det sjølvsagt enklare, og vi haldt strukturen og ramma betre.

Kontroll

Etter det første målet, og i starten av 2. omgong var Hødd betre med, og då Victor Grodås banka inn 2-0 etter 49 minutt, fekk dei enda meir ro i laget.

- Ja, eg føler vi kontrollerer etter 2-0, og ut kampen. Vi tek få sjansar, og dei skapar vel ingenting, så det var godt gjennomført.

Hødd ligg no 6 poeng over nedrykkstreken. Og med 5 kampar att, er Hødd no på god veg mot ei ny kontrakt i 1.divisjon.