Som vanleg var Joar Moldskred den som kom seg først til Korshamna. I år var han rekordrask og brukte berre 2 timar og 6 minutt. Tidlegare har han gått/løpt på 2.12 og 2.14. Halvvegs – i Alskleiva - hadde han brukt 49 minutt.

Martin Hauge Nilsen, som var debutant i denne marsjen, brukte 2 timar og 43 minutt. Under tre timar kom også Leif Rune Solås, på 2.55. På kvinnesida hadde Iris Grimstad og Birgit Baade Sunde best tid med 4.17.

Fjellmarsjen Den Store Styrkeprøva søndag hadde i år 34 deltakarar.

Av dei 34 gjekk 21 full distanse frå Eiksund til Korshamna. Dei øvrige runda av i Alskleiva.

Arrangøren Hareid IL Trim var uheldige med vêret i år. Etter ein lang periode med finevêr slo det om til regn – for så å klarne opp att dagen etter.

Styrkeprøva er i første rekke ein uhøgtidleg fjellmarsj, men arrangøren set i gang klokkene når startskotet går – og noterer tider for dei som vil nyte fjellturen som fartstrening.

Som vanleg vart det trekt ut fjellstrømpepar på startnumra – og i år vart desse vinnarar: Iris Grimstad, Rune Antonsen, Hallbjørn Sundgot, Marita S. Pedersen og Annette Myklebust.

Det var 16. gongen trimgruppa i Hareid IL arrangerte denne marsjen.

Sjå fullstendig deltakarliste i papirutgåva tysdag.