Hasund er frå Vanylven, men har dei siste sesongane spelt for Hødd. Spesielt i år har Hasund vore svært god i 2.-divisjon. Men like før overgangsvindauget stengde melde ho overgang til Oslo-klubben Røa.

Røa ligg på fjerdeplass i Toppserien, og mykje skal gå bra om det skal bli medaljeplass. Men det kan likevel bli mykje å glede seg til for Røa-jentene utover hausten.

Søndag spelar dei nemleg NM-semifinale mot Trondheims-Ørn.