Det første målet kroaten scora, 2-0, var som han sjølv seier det ferdigscora. Men både 3-0 og 4-0 kom etter flotte prestasjonar av spissen. Før 3-0 la Bendik Rise inn frå venstre. Frå skrått hald heada Tepuric ballen hardt og presist i lengste hjørne. 4-0-målet var ikkje veldig ulikt. Henrik Grimstad slo eit hjørnespark frå venstre. Og igjen var Tepuric tøff og presis då han banka ballen i mål med hovudet. Det var heller ikkje berre som target-mann kroaten markerte seg denne kampen. Han la ned mange meter og jobba hardt - i 2. omgang i ei venstre kantrolle.

- Eg har slite mykje med skadar i år, men no føler eg meg endeleg i god form. Det gjekk veldig bra for meg denne kampen, og laget spelte også ein god kamp. Eg er veldig glad no, seier Franjo Tepuric til Vikebladet Vestposten.

Utgåande kontrakt

Kontrakten hans med Hødd går ut etter sesongen. Men så langt har ikkje spissen høyrt noko frå leiinga om forlengjing.

- Det er fem kampar igjen, så eg håper eg snart får eit tilbod. Både eg og familien trivest veldig godt i Ulsteinvik no. Kona mi har begynt å spele handball for Hødd, medan sonen min har begynt i barnehage. Vi likar livet her no, seier Tepuric.

Hødd styrte

Sjølv om det er vanskeleg å kome utanom tremålsscoraren som banens bestemann, var han langt frå den einaste som markerte seg på Høddvoll-kunstgraset måndag kveld. Det første målet heada Joakim "Jokke" Wrele inn. Og som før 3-0 stod unge Bendik Rise for ei fin målgjevande pasning, ved dette høvet på frispark. Rise har levert fleire sterke kampar for Hødd 2 i haust.

1. omgangen var den klart mest underhaldande. Bergsøy yppa seg tidleg og fekk ein OK sjanse ved Sander Ulfstein som ikkje vart noko av. Og på stillinga 2-0 kunne Espen Driveklepp fort ha redusert. Men Hødd styrte det aller meste. Og i tillegg til måla noterte vi også kvalifiserte sjansar til Robin Hjelmeseth, Espen Standal og Robin Hjelmeseth.

- Sterk lagsiger

Bergsøy var langt meir offensive i 2. omgang, men reduseringa kom aldri, og strengt tatt var det sjeldan veldig heitt rundt øyrene til Ole Monrad Alme. Naturleg nok la Bergsøy frå seg ein del bakrom som førte til Hødd-sjansar. Blant anna hadde Tepuric og Hjelmeseth gode sjansar. Men 4-0-målet til førstnemnde vart det einaste denne omgangen.

- Vi jobba hardt i dag og spelte bra som kollektiv. Vi scora fire fine mål i ein sterk lagsiger, så eg er absolutt nøgd med spelarane, sa trenar Kenneth Moldskred etter kampen.

Han roste også hattrick-helten Franjo Tepuric.

- Det var flott han noterte seg for tre mål. Også veldig godt gjort av medspelarane som sette opp måla, seier Moldskred.

Kampfakta3.-divisjon avd. 8 runde 21Hødd 2.-lag – Bergsøy 4-0 (3-0)Høddvoll kunstgrasTilskodarar: 90Mål: 1-0 Wrele (25), 2-0 Tepuric (29), 3-0 Tepuric (36), 4-0 Tepuric (72)Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta ILGule kort: Øvrelid (Hødd) og S. Helvig (Bergsøy)Hødd (4-3-3): Ole Monrad Alme – Eirik Sundgot Kristiansen, Pål Hofset Skeide (Isak Haanes 15), Audun Kåre Øvrelid, Martin Mork Breivik – Henrik Grimstad, Joakim Wrele, Bendik Rise – Espen Standal (Sondre Beite 57), Franjo Tepuric, Robin Hjelmeseth*** Tepuric, ** Rise, * H. Grimstad

Andre 3.-divisjonsresultat (avd. 8) i kveld: Norborg - Sogndal II 1-2, Aalesund II - Spjelkavik 4-0

Tabellen.