For i dei to neste kampane skal Hødd møte Hønefoss og Alta på bortebane. Begge desse laga må passere Hødd om det skal bli nedrykk på ulsteinvikarane. Fem rundar før slutt kjempar seks lag om å unngå 12.-plassen i 1.-divisjon.

* Både Strømmen, Bryne og Hødd har 33 poeng.

* Nest-Sotra har 32.

* Hønefoss på nedste sikre plass har 30.

* Og Alta på øvste nedrykksplass har 27.

– Fryktar ikkje nedrykk

Med andre ord; om Hødd slår Hønefoss og Alta er plassen i praksis sikra. Med tap mot begge kan det bli svært spennande dei tre siste rundane.

– Eg fryktar ikkje at vi rykkjer ned. Men jobben er ikkje gjort enno. Vi er ikkje heilt sikre enno og må derfor ha fullt fokus i kvar kamp, seier den sentrale midtbanespelaren Fredrik Aursnes (18) til Vikebladet Vestposten.

– For gode

Han meiner Hødd har eit altfor godt mannskap til å rykkje ned. Men at dei ikkje alltid har klart å få ut potensialet.

– Alta-kampen blir spesielt viktig. For då legg vi nok dei bak oss. Hønefoss er også viktige å slå. Vi vil eventuelt ha seks poeng ned til dei med siger. Så det hadde gjort seg med siger søndag, meiner Aursnes.

Ingen motivasjonsproblem

Hønefoss har fått ein oppsving etter at Rune Skarsfjord kom inn som trenar. Og korleis gjekk det sist Hødd møtte eit lag leia av Skarsfjord?

– Jau, då vann vi 3–1 mot Brann i semifinalen i cupen, minnest Fredrik Aursnes, som også scora den kampen.

– Er det vanskelegare å motivere seg til kampen no som Hødd ikkje kjempar om kvalik eller opprykk?

– Nei, det har ikkje noko å seie for meg. Eg vil vinne kvar kamp eg spelar, uansett kvar vi ligg på tabellen, varslar Fredrik Aursnes.

Mållaust sist

Hødd spelte 0–0 heime mot Hønefoss 16. mai trass i stort spele- og sjansemessig overtak.

– Men då låg vel Hønefoss nesten sist i 1.-divisjon. Dei har heva seg. Laget var jo i Tippeligaen i fjor. Og spelarmaterialet deira er godt, vurderer Aursnes.

Returoppgjeret søndag 18.00 følgjer du live på vikebladet.no.