Den første halvtimen var Hødd passive og lite kreative. Ikkje det at Hønefoss var allverda dei heller. Men heimelaget tok leiinga etter sju minutt. Verken Jonas Ingebrigtsen eller Andreas Rekdal kom tett nok opp i motspelarane, og ved 16-meteren selte også Bendik Torset seg for lett. Kristoffer Larsen kunne dermed enkelt setje ballen i lengste stong og inn. Elles hadde Roope Risku ein farleg flikk etter 25 minutt, medan Hødd ikkje hadde noko som helst. Det næraste dei kom var eit slapt skot av Ole Amund Sveen som gjekk utanfor.

Shroot utlikna

Men eit mål var det Hødd trengde for å få opp dampen. For Hødds første sjanse etter 32 minutt vart til deira første mål. Jonas Ingebrigtsen la inn frå høgre. Ballen gjekk via eit Hønefoss-bein og landa hos Robin Shroot, som umarkert kunne plassere ballen i mål frå 16 meter.

Perle frå Shroot

Målet gav tydeleg Hødd sjølvtillit og trua til å kunne spele ut Hønefoss offensivt. To minutt etter scoringa hadde Joachim Magnussen ein farleg stuss som kunne blitt endå farlege . Og så følgde eit par halvsjansar, før Robin Shroot nådde eit tosifra tal seriescoringar i år etter 43 minutt. Hødd fekk frispark vel 20 meter frå mål. Shroot plasserte ballen vakkert i næraste kryss. Dermed 2-1 til pause.

Sjansefattig 2. omgang

Den første halvtimen av 2. omgang må ha vore eit traust syn for nøytrale tilskodarar. Ein lang periode låg Hødd lågt i bana og hadde god kontroll. Hønefoss styrte mykje av spelet, men verka sjeldan farlege. Det gjorde for så vidt ikkje Hødd heller.I det 76. minutt kunne Bendik Torset med litt tur ha sett ein liten spikar i kista. Han forserte og avslutta frå 22 meter. Skotet gjekk like over krysset.

Nydeleg av Standal

Etter skotet pressa Hønefoss bra på, sjølv om Robin Shroot sin sjanse etter ein overgang var større enn alt heimelaget hadde å kome med denne perioden. Men så, litt ut av ingenting, varta Hødd opp med ei ny perlescoring. Bendik Torset la ballen frå høgre. Espen Standal fekk krangla seg forbi eit par Hønefoss-spelarar før han frå 18 meter banka ballen i krysset med venstreslegga. Årets første Standal-mål i serien var rett og slett fantastisk!

Meir magi

Og det var meir magi i vente. To minutt før slutt flikka Fredrik Aursnes ballen til Robin Shroot. Med tre lekre touch på ballen låg to Hønefoss-spelarar på ræva, medan Shroot presisert plasserte ballen i lengste stong og i mål.Det vart også det siste vesentlege som skjedde på AKA arena denne søndagskvelden. Hødd spelte svært solid dei siste 60 minutta og vann slik sett fortent. Kampen vil først og fremst bli hugsa for fleire flotte scoringar av Hødd.

Kampfakta1.-divisjon runde 26Hønefoss – Hødd 1-4 (1-2)AKA arenaMål: 1-0 Larsen (7), 1-1 Shroot (32), 1-2 Shroot (43), 1-3 Standal (82), 1-4 Shroot (88)Dommar: Kristoffer Hagenes, Hovding Gule kort: Heltne (Hødd)Hødd (4-5-1): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist (K), Steffen Moltu, Vegard Heltne – Andreas Rekdal  (Joakim Wrele 78), Bendik Torset, Fredrik Aursnes, Ole Amund Sveen, Joachim Magnussen (Espen Standal 74) – Robin Shroot (Franjo Tepuric 90)

Liveoppdateringar frå kampen: