- Vi var nærast sigeren. Vi hadde bra kontroll defensivt heile kampen. Framover gjekk det meir i rykk og napp. Fire av dei seks fremste spelarane våre var nye der, og det merkast jo. Men vi kunne fort ha vunne denne kampen. Astrid Oline Roppen hadde eit par sjansar i 1. omgang, og det siste kvarteret av 2. omgang fekk vi fart på innleggsspelet og kom til fleire avslutningar, oppsummerer trenar Ole Per Kragset.

Hødd har igjen éin kamp av sesongen, heime mot Byåsen neste søndag. Hødd blir nummer tre, fire eller fem i årets 2.-divisjon.

- Mest sannsynleg blir vi jo nummer fem. Og det er greitt det. Vi har hatt ein bra sesong. Spesielt med tanke på at vi har mista så mange spelarar i løpet av året, seier Ole Per Kragset.

Kampfakta2.-divisjon kvinner avd. 6Clausenengen FK - Hødd 0-0Kristiansund stadionDommar: Ragnar Ness, Dahle ILGule kort: 1 til CFKHødd (4-3-3): Amalie Brandal Kragset - Ingrid Måseide, Susann Brandal Kragset, Anne Marie Hasund, Benedikte Nevstad - Mari Heggen, Silje Holstad, Gro Elise Aksnes (Julie Våge 65) - Ellen Aahjem, Astrid Oline Roppen, Siril Amalie Rusten*** Heggen, ** S. Kragset, * Hasund

PS. Ex-høddar Vilde Hasund spelte heile kampen då Røa tapte 3-2 mot borte mot Trondheims-Ørn i dagens NM-semifinale.