For etter sesongen flyttar fjorårets toppscorar til Oslo.

- No er det nok heilt klart at eg skal flytte til Oslo. Planen vidare er å kombinere fotball med studiar. Sjølv om det ikkje er noko konkret har eg ein agent som jobbar med saka, seier Standal til Vikebladet Vestposten.

Åtte minutt før full tid banka ørstingen ballen i krysset frå 18 meter - med venstrefoten. Dermed gjekk Hødd opp i 3-1 og kampen var punktert.

- Scoringa var forløysande og det var herleg å setje den, smiler Standal.

Som vurderer Hødd-prestasjonen slik:

- Vi opna kampen dårleg og dei første 25 minutta våga vi ikkje å spele fotball. Etter den første scoringa derimot synest eg vi leverer ein stor fotballkamp, seier Espen Standal.

- Held dykk plassen?

- Ja! No skal vi reise nord og få Alta ned i 2.-divisjon, varslar ein entusiastisk 22-åring.