– Vi snakkar med alle spelarane våre jamleg. Blant anna har Geir Hansen gjennomført ein del spelarsamtalar nyleg. Arbeidet med å kartlegge stallen for 2015 har starta, og vi gir lyd frå oss når kontraktar blir signerte. Når det gjeld Robin Shroot går vi ikkje ut og kommenterer enkeltspelarar. Men eg kan seie at vi har ein god dialog med Robin, seier sportssjef og dagleg leiar André Nevstad til Vikebladet Vestposten måndag føremiddag.

Robin – ein redningsmann

Kvelden i førevegen vann Hødd 4–1 borte mot Hønefoss. Sigeren redda langt på veg 1.-divisjonskontrakten til Hødd. Det er ni poeng ned til streken fire rundar før slutt. Det skal halde. Og ser vi på sigrane Hødd har sikra plassen med, er betydninga til Robin Shroot ikkje til å kome vekk frå.

* Han scora tre mål i 4-0-sigeren mot Ull/Kisa i siste vårrunde.

* Han scora målet i 1-1-kampen borte mot Ull/Kisa i sommar.

* Han vart matchvinnaren i 1-0-sigeren borte mot Nest-Sotra i august.

* Han scora eitt av to mål i sigeren mot Fredrikstad sist heimekamp.

* Og så dei tre måla mot Hønefoss søndag.

– Roleg i boksen

Totalt er Robin Shroot oppe i 11 seriemål så langt i år.

– Han er ein eksepsjonell avsluttar. Robin er roleg i boksen og veldig presis. Han er veldig god når det kjem til å plassere ballen. Slik sett er han unik. Eg er glad Robin spelar i blått, sa Sindre Eid til Vikebladet Vestposten etter Hønefoss-kampen.

Klassemål

Shroot sette inn 1–1 etter 32 minutt. Det var det «minst fine» Shroot-målet denne kvelden, men like fullt eit godt plassert skot frå 16 meter. 2-1-målet, eit frispark i krysset frå 20 meter, var det klasse over. Og 4-1-målet, då han finta to Hønefoss-spelarar på ræva etter ein nydeleg flikk av Fredrik Aursnes i forkant, var prikken over i-en etter ein god siste time av Hødd på AKA Arena.

14 utan kontrakt

Og no som plassen i 1.-divisjon så godt som er sikra, kan Hødd for alvorleg planlegge sesongen 2014. Desse 14 spelarane har ikkje kontrakt i 2015:

* Robin Shroot

* Jan-Lennart Urke

* Espen Standal

* Jesper Törnqvist

* Steffen Moltu

* Erik Sandal

* Franjo Tepuric

* Henrik Grimstad

* Robin Hjelmeseth

* Andreas Rekdal

* Pål Hofset Skeide

* Victor Grodås

* Benjamin Mork Kleppe

* Vegard Heltne

Kven som blir med vidare blir det spennande å finne ut utover hausten.