Årdal har ikkje akkurat imponert i årets 3. divisjon, og låg før kampen mot Hødd 2 på tredje siste plass. Med sigeren mot Hødd 2 klatrar dei no forbi Tornado-Måløy på tabellen. Hødd 2 på si side hadde sjansen til å rykke litt i frå Spjelkavik i kampen om 5. plassen, men står etter denne runda a poeng med Ålesunds-laget.

To tidlege mål

Årdal opna kampen best, og etter berre ni minutt kunne Preben Strypet sette ballen i mål frå hjørnet av sekstenmeteren. 2-0 kom ikkje så lenge etter, då same mann blir felt innanfor seksten, og set ballen kontant i mål bak Hødd-keeper Ole Monrad Alme. Årdal var det heilt klart mest sjanseskapande laget i starten av kampen, men reduseringa til Hødd 2 kom etter 20 spelte minutt. Kaptein Henrik Grimstad reduserer til 2-1 etter flott veggspel. Grimstad var også nære ved å score sitt andre for dagen like før pause, men makta ikkje å setje den i mål.

Årdal gjekk hardt ut frå startblokkene også i andre omgang. Preben Strypet scora, litt i mot spelets gang, sitt tredje for kvelden etter 59 minutt. Når då Edvin Hestetun stanga ballen i mål etter eit flott frispark etter 69 minutt, var løpet køyrt. Årdal vann til slutt fortent 4-1.

- Mange erfaringar rikare

Hødd-trenar Kenneth Moldskred meiner kampen baud på mange gode erfaringar, sjølv om det blei eit klart tap til slutt.

- Eg håpar og trur dette var ei god erfaring og god læring for våre yngre spelarar. Vi møtte eit relativt tungt og kompakt lag. Det blir ein kamp på deira premissar, då vi ikkje får opp tempoet dit vi vil ha det. I dag møter vi eit målretta lag med mykje rutine og mykje fysikk, seier Kenneth Moldskred og legg til:

- Vi har gjennomført ein god sesong, men sjølvsagt vil vi spele dei siste kampane så kvalitativt godt som mogleg. Vi stiller med eit særs ungt lag i dag, med fleire debutantar. Men, den einaste moglegheita til å få erfaring er å få sleppe til. No tenkjer vi allereie fram mot neste kamp, mot Spjelkavik.

Andre 3.-divisjonsresultat (avd. 8) måndag kveld: Sogndal 2 - Aalesund 2 1-4

Tabellen

Kampfakta3.-divisjon avd. 8 runde 21Årdal – Hødd 2.-lag 4-1 (2-1)Årdal krøllgrasMål: 1-0 Preben Strypet (9), 2-0 Strypet (12, str.), 2-1 Henrik Grimstad (20), 3-1 Strypet (59), 4-1 Edvin Hestetun (69)Dommar: Yngve Håkonsen, Fjøra FKGule kort: Eirik Rode (Årdal), Aleksander Eksund (Hødd 2)

Hødd (4-3-3): Ole Monrad Alme – Isak Haanes, Martin Mork Breivik, Audun Kåre Øvrelid, Alexander Eksund – Daniel Haanes, Henrik Grimstad, Bendik Rise – Sondre Beite, Robin Hjelmeseth, Håkon Brautaset