Det ligg an til ein skikkeleg thriller på tampen av sesongen. Opprykkssituasjonen i dei fleste divisjonane er så godt som avklara.

* Aalesund II treng berre tre poeng på dei fire siste kampane for å vere heilt sikre på opprykk til 2.-divisjon.

* Volda har allereie vunne 4.-divisjon og er opprykksklare.

* I 5.-divisjon skal det mykje til for at ikkje Vigra og Stordal tek dei to øvste plassane og rykkjer opp.

* Tjørvåg har for lengst vunne Søre-avdelinga i 6.-divisjon og rykkjer opp. Brattvåg 2, Giske og Ellingsøy kjempar om to opprykksplassar frå Nordre-avdelinga.

Så det er i botnen av divisjonane den største spenninga er. Formlen for nedrykk er slik:

* Om eitt sunnmørslag går ned frå 3.-divisjon rykkjer to lag ned frå 4.-divisjon og tre ned frå 5.-divisjon.

* Om to sunnmørslag går ned frå 3.-divisjon rykkjer tre lag ned frå 4.-divisjon og fire ned frå 5.-divisjon.

* Om tre sunnmørslag går ned frå 3.-divisjon rykkjer fire lag ned frå 4.-divisjon og fem ned frå 5.-divisjon.

I skrivande stund ligg Norborg og LGFK på nedrykk i 3.-divisjon.

Botnen i 3.-divisjon avdeling 8 ser slik ut fire rundar før slutt:

9. Bergsøy (25)10. Arna-Bjørnar (23)11. Årdal (22)12. Tornado Måløy (21)13. Norborg (19)14. LGFK (12)

* Hareid ligg på niandeplass i 4.-divisjon ni poeng framfor 10.-plassen, og klarer seg nok fint dersom Bergsøy held plassen i 3.-divisjon. Med to sunnmørslag ned frå 3.-divisjon ligg det an til at Stranda, Skodje og Blindheim rykkjer ned til 5.-divisjon. Om både Norborg og Bergsøy held seg opnar det for at anten Stranda (12), Skodje (10) eller Blindheim (9) klarer seg.

* I verste fall går fem lag ned frå 5.-divisjon. Då må eventuelt Hasundgot ta igjen åtte poeng på fire rundar og kome seg opp på 7.-plass. Det trur vi blir vanskeleg. Men 8.-plassen er ikkje umogleg å ta, sidan Åmdal er i fritt fall (tap fire siste) og Hasundgot skal møte både Ravn og Ørskog.

Botn fem i 5.-divisjon ser no slik ut:

8. Åmdal (20)9. Ravn (15)10. Ørskog (14)11. Hasundgot (11) (NB. Får truleg tre gratispoeng sidan S/S II ikkje stilte lag sist veke, så vi kan eigentleg seie at Hasundgot har 14 poeng.)12. Stranda/Sunnylven II (3)

Med andre ord; klarer både Norborg og Bergsøy seg i 3.-divisjon held det for Hasundgot å kome på 9.-plass. Dette er det resterande programmet deira: Ørskog (B), Ravn (H), Vartdal (H) og Åmdal (B).

Sjå ikkje vekk frå at den siste kampen mot Åmdal blir heilt avgjerande.